Företag
Vaksdal kommuneAnsökningstiden
31.12.2023Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4937251Se här för andra jobb från Vaksdal kommune
- Uppdaterad 04.01.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Vaksdal kommune
Ringevikar/ekstrahjelp i barnehage, skule og SFO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer ringevikarar til barnehage/skule/SFO som ynskjer å vera med å skapa ein god og trygg kvardag for borna.
Du vil motta svar på at søknaden er motteken, søknadande vil bli behandla fortløpande og når leiarane har behov for vikar vil dei gå gjennom søkarane og ta kontakt med søkarar dei finn aktuelle.
Arbeidsstad
Skulane og barnehagane i Vaksdal kommune
Arbeidsoppgåver
- Vere til stades for barna
- Vere engasjert i barna sin leik inne og ute
- Passe på så ingen fell utafor leiken
- Sette deg godt inn i alle rutinar
- Andre praktiske oppgåver
- Ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
Krav til kompetanse
- Du må være ein påliteleg, open og ærlig person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen/skule/SFO for barna si skuld, men og har evne til å samarbeide med kollegaer.
- Erfaring frå barnehage/skule/SFO er ein føremon.
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar òg menn til å søkja.
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Kontaktperson
Gunn Elisabeth Melgård Aase, tlf: 41233585, gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no
Jill Bru Johansen, tlf: 92890643, mobil: 92890643, jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Företag
Vaksdal kommuneAnsökningstiden
31.12.2023Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4937251Se här för andra jobb från Vaksdal kommune
- Uppdaterad 04.01.2023