Company
Giske KommuneApplication deadline
12.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6544836Look here for other jobs from Giske Kommune
Giske Kommune
Rettleiar ved Nav Giske
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer rettleiarar som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag
Nav Giske har ledig to stillingar som rettleiar, ei fast 100 % stilling og eit vikariat i 100 % stilling. Begge stillingane er ledige frå snarast, og vikariatet gjeld t.o.m. 30.04.2027. Oppgi i søknaden om du er aktuelle for begge stillingane eller ikkje.
Som rettleiar hos oss vil ein viktig del av jobben vere å motivere og hjelpe brukarar til å finne jobbmoglegheiter og aktuelle tiltak for å kome i eller stå i arbeid. Arbeidet inneber også saksbehandling og forvaltningsoppgåver etter ulike lovverk. Stillinga omfattar både kommunale og statlege oppgåver, og alle tilsette deltek i bemanning av publikumsmottaket.
Nav Giske er lokalisert i rådhuset på Valderøya og tilbyr tenester til om lag 8 800 innbyggjarar. Kontoret har 15 engasjerte medarbeidarar og eit god fagmiljø. Verksemda er utviklingsorientert med høge ambisjonar og sterk vekt på brukarinvolvering og samhandling. Gjennom vårt arbeid bidreg vi til inkludering, deltaking og ein velfungerande arbeidsmarknad.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor eller master. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Rettleiingskompetanse frå studiar og/eller praksis.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, minimum B2 nivå.
- God digital kompetanse og evne til å raskt sette deg inn i nye fagsystem.
- God relasjonskompetanse.
Det er i tillegg ønskeleg at du har:
- Forståing av Nav si rolle i samfunnet.
- Grunnleggjande privatøkonomisk forståing.
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid.
- Kjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt område.
- Erfaring frå saksbehandling og tolking av lovverk, gjerne frå offentleg forvaltning.
- Sertifikat for bil, klasse B.
Personlige egenskaper:
- Du er god på relasjonsbygging og har evne til å skape kontakt og motivasjon hos brukarar som er i ein vanskeleg livssituasjon.
- Du er ein trygg, tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evnar å gjennomføre.
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og resultatorientert i tråd med verksemdplan og øvrige styringssignal og er opptatt av god kvalitet.
- Du er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Du er fleksibel og omstillingsvillig.
- Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- Du evner å jobbe heilskapleg innafor eit breitt spekter av oppgåver.
Vi tilbyr:
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg arbeidsmiljø.
- Aktive og engasjerte medarbeidarar.
- Moglegheit for eigenutvikling og stor påverknad.
- Fleksitidsordning.
- Løn og tilsetting på kommunale vilkår.
Company
Giske KommuneApplication deadline
12.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6544836Look here for other jobs from Giske Kommune