• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    25.08.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6321669
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Rettleiar ved Nav Giske

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer rettleiar som brenn for Nav sitt samfunnsoppdrag

Nav Giske har ledig fast 100 % stilling som rettleiar og ser etter deg som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag. Vi søkjer ein engasjert og resultatorientert rettleiar som er interessert i å jobbe med menneske, kartlegge behov og finne gode løysingar for at fleire skal bli inkludert i arbeidslivet. 

Gjennom brukarinvolvering, samhandling og eit sterkt kompetansemiljø skal vi bidra til å hindre utanforskap og sørge for at fleire er i arbeid.

Nav Giske er lokalisert i rådhuset på Valderøya og tilbyr tenester til omlag 8 800 innbyggjarar. Kontoret har i dag 16 engasjerte medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Vi har både kommunale og statlege tilsette som arbeider heilheitleg på tvers av kommunale og statlege oppgåver. Vi har tru på tverrfagleg og heilskapleg tilnærming for å løyse våre oppgåver. Vi er utviklingsorientert og har høge ambisjonar om at gjennom vår innsats får fleire moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.

 

Kvalifikasjoner:

  • Fullført relevant bachelor, gjerne innan helse- og sosialfag eller samfunnsfag. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Rettleiingskompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse og evne til å raskt sette deg inn i nye fagsystem.

Det er i tillegg ønskeleg at du har:

  • Forståing av Nav si rolle i samfunnet.
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid.
  • Kjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt område.
  • Erfaring frå saksbehandling i samsvar med relevant lovverk, gjerne frå offentleg forvaltning.
  • Sertifikat for bil, klasse B.

Personlige egenskaper:

  • Du er god på relasjonsbygging og har evne til å skape motivasjon hos brukarar som er i ein vanskeleg livssituasjon.
  • Du er ein trygg, tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evnar å gjennomføre.
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og resultatorientert og er opptatt av god kvalitet.
  • Du er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel og omstillingsvillig.
  • Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Du meistrer fagleg kompleksitet og ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr:

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg arbeidsmiljø.
  • Aktive og engasjerte medarbeidarar.
  • Moglegheit for eigenutvikling og stor påverknad.
  • Fleksitidsordning.
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår.
   

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    25.08.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6321669
  • Look here for other jobs from Giske Kommune