Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
30.11.2020Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3266561Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 09.11.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Rettleiar / Sosialkonsulent i 100% stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga
NAV Alver har to ledige stillingar som rettleiarar / sosialkonsulent i avdeling for ungdom og integrering. NAV skal gje menneskjer moglegheiter og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid og færre på trygd. Vi ser at det er for mange unge som korkje er i arbeid eller i eit utdanningsløp. Som rettleiar i NAV vil du ha ansvar for eit bredt spekter av oppgåver og avdelinga har mange samarbeidspartnarar. Kontoret er i utvikling og ein må rekne med at oppgåvene kan bli endra. I søknadsteksten ber vi deg reflektere over kva som motiverer deg til å søkje denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og avklaring av brukarane sine bistandsbehov, ressursar og arbeidsmoglegheiter
- Tett brukarkontakt med rettleiing og motivering av brukarar i ulike livssituasjoner, brukarar som treng bistand for å kome i arbeid og/eller i arbeidsretta aktivitet
- Utarbeide aktivitetsplanar i samarbeid med brukarane
- Arbeidsretta oppfølging for brukarar med ulik trong for hjelp frå NAV
- Utstrakt samarbeid med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar, legar og andre samarbeidspartnarar
- Sakshandsaming etter gjeldande lovverk
Kompetansekrav
- Minimum tre års utdanning frå høgskole eller universitet, innan sosialfagleg, samfunnsfagleg eller helsefagleg retning. Særleg relevant erfaring og eventuell anna utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- God skriftlig og munnleg framstillingsevne
- God kjennskap til regelverket
- Førarkort klasse B
Ønskt kompetanse
- Kjennskap til NAV og offentlig forvaltning er eit føremon
- Kjennskap til arbeidsmarknad og næringsliv er eit føremon
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeidsretta brukeroppfølging, gjerne med dokumenterte resultat
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på følgande personlege eigenskapar:
- Du er movivert for å arbeide med oppfølging av menneskjer i ulike livssituasjonar
- Du har evne til å få brukarane til å sjå muligheter framfor begrensingar
- Du har pågangsmot, godt humør og gode kommunikasjonsevner
- Du evner å arbeide i team, men samtidig kunne ta sjølvstendige avgjerdsler
- Du evner å vise fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgaver og være ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du evner å sette seg inn i nye IKT- verktøy og digitale plattformer
Vi tilbyr
- Spanande og meiningsfylde arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- Relevant opplæring, og gode høve til utvikling
- Fleksitidsordning
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
- Et hyggelig arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
30.11.2020Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3266561Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 09.11.2020