Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
24.09.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5869253Se här för andra jobb från Askvoll kommune
- Uppdaterad 04.09.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Askvoll kommune
Rettleiar NAV Askvoll - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved NAV-Askvoll har vi frå snarast ledig 100% fast stilling som rettleiar
NAV Askvoll er på jakt etter ein engasjert og løysingsorientert rettleiar som ønskjer å gjere ein skilnad for andre. Du vil få meiningsfulle oppgåver og jobbe saman med kollegaer med god fagleg kompetanse. Vi er eit lite kontor og legg difor stor vekt på fleksibilitet og samarbeid. Bruk av heimekontor einskilde dagar er ei moglegheit som kan vurderast dersom dette er ønskjeleg og tenleg.
NAV Askvoll er eit partnarskap mellom Askvoll kommune og staten ved NAV Vestland. Vi er eit av seks kontor i NAV region Sunnfjord.
Arbeidsoppgåver:
- Motivere og legge til rette for at brukarane skal kome i aktivitet, arbeid og utdanning
- Rettleiing og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester, NAV-lova og Folketrygdlova
- Samarbeid med offentlege og private instansar for å sikre god oppfølging av den einskilde
- Ajourhald av opplysningar i fagsystema våre
- Delta i publikumsmottak
Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar:
- Sosialfagleg utdanning eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
- God digital kompetanse og evne til å rettleie brukarar i sjølvbeteningsløysingar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
Det er ønskjeleg at du:
- Har erfaring frå, og interesse for, arbeid med unge/unge vaksne
- Kan skape gode møter med brukarar som er i ein vanskeleg livssituasjon
- Har erfaring frå NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid står sentralt
- Kan arbeide målretta, systematisk og effektivt både i team og sjølvstendig, med fokus på arbeid og aktivitet
- Evne til å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg kompetanse på eiga hand
- Trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr:
- Løn og arbeidsvilkår etter lov og avtaleverk
- Gode pensjonsvilkår i KLP
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
24.09.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5869253Se här för andra jobb från Askvoll kommune
- Uppdaterad 04.09.2024