Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
05.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6393846Se här för andra jobb från Kvam Herad
Kvam Herad
Nav Kvam
Rettleiar i sosialtenestaOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du kreativ, god til å samarbeida og å motivera? Då treng me deg med på laget.
Nav Kvam har ledig stilling som rettleiar i 100% fast stilling frå snarast. Stillinga er ein del av sosialtenesta ved Nav Kvam. Me er 22 tilsette ved kontoret og yter tenester til innbyggjarane i Kvam herad og samarbeider med Nav i regionen Voss/Hardanger.
Me ser etter deg som vil vera med og løysa Nav sitt samfunnsoppdrag i eit tverrfagleg fellesskap.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing og fatting av vedtak og oppfølging i tråd med sosialtenestelova
- Tverrfagleg arbeid og oppfølging av mennenske med samansette behov
- Opplysningsarbeid og førebygging innan tema privat økonomi med mål om økonomisk sjølvstende
- Råd og rettleiing mot jobb og relevante kvalifiseringstiltak
- Informasjon, råd og rettleiing knytt til Nav sine tenester
- Råd og rettleiing i publikumsmottak og vakttelefon
- Nav er ein organisasjon i stadig endring og nye arbeidsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning innan sosialt arbeid. Annan relevant høgskuleutdanning kan også vurderast
- Erfaring frå rettleiingsarbeid er ei føremon
- Erfaring med bruk av data som arbeidsverktøy og generell god digital kompetanse
- God økonomisk forståing og interesse for privatøkonomi
- God samhandlings- og formidlingsevne, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Det er ynskjeleg at du kan utvisa sosialfagleg skjønn, og ha økonomisk og juridisk forståing av fagfeltet
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å motivera og skapa tillit
- Du møter andre på ein respektfull og open måte
- Du arbeider målretta og nøyaktig i ein travel kvardag
- Du er ein som ser ressursar og leitar etter løysingar for den enkelte
- Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollega som er flinke til å samarbeida for å finna gode løysingar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
05.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6393846Se här för andra jobb från Kvam Herad