Företag
Gol kommuneAnsökningstiden
13.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3550, GOL
GOL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6607382Se här för andra jobb från Gol kommune
Gol kommune
Rettleiar – arbeidsretta oppfølging av ungdom
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100 % mellombels stilling
Varigheit: 1 år frå oppstartsdato
NAV Hallingdal har om lag 35 tilsette og yter tenester til innbyggjarane i dei seks kommunane i Hallingdal.
Vi har no ledig stilling i ungdomsteamet vårt, som følgjer opp alle arbeidssøkjarar under 30 år busette i Hallingdal. Ungdomsteamet består av fire rettleiarar. NAV Hallingdal har òg eit IPS Ung-team med fem stillingar, som samarbeider tett med ungdomsteamet.
Som rettleiar for ungdom vil du jobbe tett saman med ungdommane sjølve, samt relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar. Ein viktig del av stillinga er å bidra til at unge menneske kjem i arbeid eller utdanning, ved å finne moglegheiter og skape håp, meistring og inkludering.
Vi løyser oppgåvene våre i tett samarbeid med innbyggjarar som treng tenester, arbeidsgivarar, ulike tenesteleverandørar og samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggje ressursane til den unge og samarbeide om å finne moglegheiter i arbeidsmarknaden
- Oppfølging og rettleiing av ungdom som treng hjelp for å kome i arbeid eller utdanning
- Byggje og vidareutvikle relasjonar med arbeidsgivarar for å få fleire i arbeid
- Samarbeide tett med ulike offentlege og private instansar
- Saksbehandling etter folketrygdlova, lov om arbeids- og velferdsforvaltninga, tiltaksforskrifta og anna relevant regelverk
- Informere om og vurdere vilkår for aktuelle ytingar og arbeidsretta tiltak
- Bidra aktivt i utviklinga av NAV sine tenester
Sidan NAV er i kontinuerleg utvikling, kan andre arbeidsoppgåver bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Lang og relevant arbeidserfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet
- Gode rettleiingsevner, inkludert evne til å la brukarane ta hovudansvar for eigne meistrings- og endringsprosessar
- Erfaring med samarbeid med andre instansar og/eller arbeidsgivarar
- God digital kompetanse og kjennskap til Office 365
- Norsk er arbeidsspråket i NAV Hallingdal. Du må kunne snakke, lese og skrive norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene sjølvstendig
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du:
- Er god på relasjonsbygging og på å sjå ressursane hjå andre
- Har gode samarbeidsevner
- Har stort pågangsmot og er positiv og uthaldande
- Er fleksibel og god til å sjå nye moglegheiter
- Arbeider målretta og systematisk
- Er strukturert og trivst i ein til tider hektisk arbeidskvardag
- Er løysingsorientert og trivst i ei utadretta rolle med mykje kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og arbeidsgivarar
- Jobbar godt både sjølvstendig og i lag med andre
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personleg eignad vil bli tillagd stor vekt.
Vi tilbyr
- Kjekke og engasjerte kollegaer med høg kompetanse
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Tverrfagleg arbeidsmiljø og nettverk med gode utviklingsmoglegheiter
- Fleksibel arbeidstid
- Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Anna
Vi følgjer opp brukarar i heile Hallingdal. Du må derfor ha førarkort klasse B.
Søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.
Søknadsfrist: 13.05.2026
Företag
Gol kommuneAnsökningstiden
13.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3550, GOL
GOL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6607382Se här för andra jobb från Gol kommune