• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    06.03.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6538630
  • Look here for other jobs from Hå kommune
Vacancy

Hå kommune

Resepsjon- og utstillingsverter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ser etter kunst- og historieinteresserte, positive og utadvendte medarbeidarar. Som resepsjon- og utstillingsvert er du den fyrste publikum møter på Hå gamle prestegard, og di rolle er difor sentral for at dei får ein god opplevelse hos oss.

Arbeidstida er kvar andre helg, laurdag og sundag . Moglegheit for ekstravakter og ferievikariering, særleg i sommarsesongen.

  • Fast stilling som resepsjon- og utstillingsvert, 15%, helg
  • Vikariat, stilling som resepsjon- og utstillingsvert, 15% helg (vikariat ut 2026)
  • Ringevikar, stilling som resepsjon- og utstillingsvert, helg

Arbeidsoppgåver
• Kundebehandling - informasjon, sal av billetter
• Sal frå utstillingar, kunstbutikk og bokhandel
• Opning og lukking av utstillingane
• Små praktiske oppgåver i utstilling/resepsjon
• Ta imot små og store besøksgrupper
• Mogleg formidling av utstillingane
• Hjelpe til i andre avdelingar ved behov.


Me ønsker deg som
· Har engasjement, kunnskap og/eller interesse for formidling av kunst, kultur og historie. Utdannelse innan kunst- eller kulturhistoriske fag og/eller erfaring med kunstformidling er ein fordel
· Trivest i arbeid med menneske og likar høgt tempo
· Er ansvarleg og samarbeidsorientert
· Kan arbeida sjølvstendig og målretta
· Har basis datakunnskap
· Er fleksibel og kan tilpassa arbeidet til helger og kveld ved behov
· Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, nynorsk og (min) engelsk

Det legges vekt på personleg egnetheit

Om Hå gamle prestegard
Hå gamle prestegard er ein kunst - og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Ein møtestad mellom samtid og lokalhistorie. Anlegget, som er eigd og drifta av Hå kommune, har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og eigenproduserte kulturhistoriske utstillingar, formidlingssal av kunst og kunsthandverk, samt ein populær kafé med fokus på lokale matvarer. Det blir arrangert konsertar, foredrag, litteratur- og temakveldar. Til drifta av anlegget ligg òg Obrestad fyr og kommunen sitt kulturvernarbeid, som ein integrert del av verksemda.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    06.03.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6538630
  • Look here for other jobs from Hå kommune