• Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    15.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5864282
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Bergen kommune

Renholder Ytre Arna skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli med oss i team YA?

Vi har ledig ein fast stilling på 60 % som reinhaldar, med arbeidstid kvar dag. Noko av stillinga er knytt til lunsj på SFO og morgon-kantine for elevar.

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar. Rundt 100 av elevane våre har plass på SFO.

Skulens visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.

Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.

Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.

Som reinhaldar på Ytre Arna skule jobbar du tett saman med tre andre i skulen sitt reinhaldsteam.

Stillinga er ledig frå 1.november, men oppstart tidlegare kan vere aktuelt.

Kvalifikasjoner:

  • Kompetanse i moderne reingjering, fortrinnsvis fagbrev innan reinhald
  • Gode kommunikasjonsferdigheter på norsk
  • Erfaring frå matlaging (utanfor heimen) er ønskeleg
  • Erfaring med arbeid i SFO /skule er ein fordel.
  • Kompetanse i fleire språk er ein fordel.
  • Gyldig politiattest er eit krav.

Personlige egenskaper:

  • Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
  • Du tar ansvar for arbeidsoppgåvene dine, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er punktlig og nøyaktig
  • Du liker å omgås barn
  • Du liker både å arbeide sjølvstendig og saman med andre i team
  • Du er opptatt av å gjere ein god jobb og tar i et ekstra tak når det trengst
  • Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar som ynskjer utvikling
  • Ein spannande kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 
  • Opplæring/kurs etter behov
  • Gode velferdsordningar
  • IA-bedrift
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
 

  • Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    15.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5864282
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune