Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
27.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5915754Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Rektor ved Flatene skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Flatene skule har 223 elevar frå 1. – 5. trinn. Skulen ligg flott til i nærleiken av Førde sentrum. Skulen var ny i 1998 eg er bygd for SFO og småskuletrinnet. Det er gode fasilitetar for undervisning, leik, samlingar og SFO aktivitetar. Flatene skule har god fagleg kvalitet og det er høg trivsel blant elevar og tilsette. Sunnfjordskulen har for tida fokus på å utvikle vurderingspraksis, begynnaropplæring, inkluderande praksis og profesjonsfellesskapet.
Vi søker ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert og samlande. Du må vere ein aktiv skuleleiar som evner å delta og drive prosessar framover. Du må evne å omsette Sunnfjord kommune sine verdiar - engasjert, inkluderande og nær, i praksis.
Vi søker deg som har:- erfaring frå skuleleiing
- god pedagogisk forståing og innsikt
- erfaring frå utviklingsarbeid
- systemkompetanse og erfaring frå å nytte resultat i utviklingsarbeid
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- leie og motivere til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
- utvikle skulemiljøet og arbeide førebyggande mot mobbing
- økonomiansvar
- personalansvar
- rapporteringsansvar til kommunalsjef
- drive skulen i samsvar med lov, sentrale og kommunale føringar
- legge til rette for godt samarbeid mellom foreldre og skule
- legge til rette for tverrfaglig arbeid og samarbeide med ulike tjenester
- godkjend utdanning frå høgskule/universitet med undervisningskompetanse for grunnskulen
- du har utdanning i skuleleiing, eller er villig til å ta slik utdanning
- kunne stå fram som ein tydeleg leiar med visjonar for skulen
- kunne sette born si læring og utvikling i sentrum for arbeidet
- vere samlande og inkluderande
- strukturert og ryddig
- kunne handtere eit høgt arbeidstempo og utfordrande saker
- ein lagspelar som bidreg i kommunen sitt faglege fellesskap
- er lojal i høve politiske vedtak og administrative avgjerder
- gode løns- og arbeidsvilkår
- eit fagleg fellesskap
- ein aktiv skuleeigar som legg til rette for utviklingsarbeid
- ei spennande og utfordrande leiarstilling
Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.
Flatene skule har ein merkantil ressurs på 80 % og ein assisterande rektor.
Aktuelle søkarar blir innkalla til intervju.
Saman blir vi drivande gode, vi ser fram til å høyre frå deg!Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
27.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5915754Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune