Company
Øygarden kommuneApplication deadline
26.04.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6592669Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Rektor Tjeldstø skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Tjeldstø skule er ein barneskule med i underkant av 100 elevar og 18 tilsette skuleåret 2025-2026. Skulen ligg lengst nord i Øygarden kommune, om lag 40 km frå Straume sentrum. Du kan lese meir om skulen her.
Skulen blei bygd i 2015 og er ein moderne og godt utrusta skule med god plass. Fine klasserom, mange spesialrom som sløyd-, kunst og handverk-, leire-, mat og helserom og stor gymsal.
Vår visjon er «Ingen Utanfor» med kjerneverdiane -tillit, ansvar og lærelyst.
Satsingsområda til skulen er grunnleggjande ferdigheiter med eit ekstra fokus på lesing, utvikling av god sosiale kompetanse og trygge og gode opplæringsmiljø. Vi har eit ekstra fokus på praktiske og varierte opplæringsarenaer både i skule og SFO.
Skulen ligg nær natur og sjø. Vi har utesymjing på timeplanen kvar veke. Å bruke naturen rundt oss i undervising og i SFO er viktig for vår skule.
Vil du leie ein inkluderande skule med ambisjonar om å skape god og solid læring for framtida?
Øygarden kommune tek mål av seg å ha ein innovativ, framtidsretta og ambisiøs skule. Vi ynskjer å skape retning inn i framtida gjennom å bruke verdiane våre aktivt. Leiarkompasset vårt har fire verdiar; På lag – Modig – Stolt – Med glød. Verdiane ynskjer vi skal gjennomsyre heile organisasjonen, og bidra til at vi skaper ein sterk skulesektor i kommunen.
Som rektor hos oss får du eit heilskapleg ansvar for eigen skule saman med leiarteamet ditt. Det er ein avdelingsleiarar knytt til skulen, og saman skal de skape retning, kvalitet og utvikling på eigen skule.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og utvikle pedagogisk arbeid for å sikre elevane sitt læringsutbytte både fagleg og sosialt
- Leie skulen i tråd med lovar og forskrifter og i samsvar med retningslinjer, politiske vedtak og planer og utviklingsområde i Øygarden kommune
- Fag-, personal og økonomiansvar
- Arbeide for å utvikle modige og innovative medarbeidarar som set læringa og utviklinga til eleven i sentrum
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Bidra i rektorkollegiet for å skape samarbeid og retning i det heilskaplege arbeidet i øygardsskulen
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Godkjent lærarutdanning
- Leiarerfaring frå grunnskulen
- Kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse er naudsynt for stillinga
Ønskjeleg med:
- Vidareutdanning i leiing, rektorskule eller tilsvarande
- Erfaring frå personalleiing, økonomistyring og organisasjonsutvikling
Personlege eigenskapar:
- Kjenner seg igjen i kommunen sine verdier (modig, på lag, stolt, med glød)
- Klarer å skape retning mot felles mål saman med leiarteamet sitt
- Er ambisiøs på skulen, personalet og elevane sine vegne
- Har evne til å tenke nytt og vere løysingsorientert
- Har eit positivt elevsyn som lyttar og bruker elevane si stemme for å utvikle tiltak både på skule og individnivå, som kan bidra til tryggleik og oppleving av å høyre til.
- Har gode samarbeidsevner som bidrar til gode løysingar på tvers av fagområde
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- 10 leiardagar (fri dagar)
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
26.04.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6592669Look here for other jobs from Øygarden kommune