Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
07.04.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5654904Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 23.03.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Rektor på Halbrend skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Noverande rektor ønskjer å auke sin kompetanse og vil studere skuleåret 24/25.
Det er difor ledig 100 % vikariat som rektor ved Halbrend skule frå 01.08.2024 - 31.07.2025.
Skulen har 400 elevar frå 6. – 10. trinn og er ein sentrumsskule som ligg flott til i nærleiken av Førde sentrum. Det er bygd ein ny idrettshall i tilknyting til skulen som blir nytta til kroppsøving og samlingar. Skulen vart utbygd og rehabilitert i 2012. Halbrend skule har gode faglege resultat og det er høg trivsel blant elevane. Det er for tida fokus på inkluderande praksis, vurdering og læreplanarbeid i Sunnfjordskulen.
Vi søkjer ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert, dyktig og samlande. Du må vere ein aktiv skuleleiar som evner å delta og drive prosessar framover. Du må evne og omsette Sunnfjord kommune sine verdiar i praksis: engasjert, inkluderande og nær.
Vi søker ein rektor som:- har leiarerfaring
- oppfyller kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- personal- og økonomistyring
- drive skulen i samsvar med lov, sentrale- og kommunale føringar
- fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
- vere ein tydeleg leiar med visjonar
- ha god relasjonskompetanse
- vere ein lagspelar som bidreg i kommunen sitt faglege fellesskap
- vere lojal i høve politiske vedtak og administrative avgjerder
- gode løns- og arbeidsvilkår
- ei spanande og utfordrande leiarstilling
Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.
Halbrend skule har ein merkantil ressurs på 80 prosent og leiargruppa består av to assisterande rektorar og rektor.
Du må legge fram godkjent politiattest av ny dato før du tiltrer stillinga.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
07.04.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5654904Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 23.03.2024