• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    07.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5654904
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Rektor på Halbrend skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Noverande rektor ønskjer å  auke sin kompetanse og vil studere skuleåret 24/25.
Det er difor ledig 100 % vikariat som rektor ved Halbrend skule frå 01.08.2024 - 31.07.2025.

Skulen har 400  elevar frå 6. – 10. trinn og er ein sentrumsskule som ligg flott til i nærleiken av Førde sentrum. Det er bygd ein ny idrettshall i tilknyting til skulen som blir nytta til kroppsøving og samlingar. Skulen vart utbygd og rehabilitert i 2012. Halbrend skule har gode faglege resultat og det er høg trivsel blant elevane. Det er for tida fokus på inkluderande praksis, vurdering og læreplanarbeid i Sunnfjordskulen.

Vi søkjer ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert, dyktig og samlande. Du må vere ein aktiv skuleleiar som evner å delta og drive prosessar framover.  Du må evne og omsette Sunnfjord kommune sine verdiar i praksis: engasjert, inkluderande og nær. 

Vi søker ein rektor som:
  • har leiarerfaring
  • oppfyller kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Arbeidsoppgåver: 
  • personal- og økonomistyring
  • drive skulen i samsvar med lov, sentrale- og kommunale føringar
  • fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Du bør: 
  • vere ein tydeleg leiar med visjonar
  • ha god relasjonskompetanse
  • vere ein lagspelar som bidreg i kommunen sitt faglege fellesskap
  • vere lojal i høve politiske vedtak og administrative avgjerder
Vi kan tilby: 
  • gode løns- og arbeidsvilkår
  • ei spanande og utfordrande leiarstilling

Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.

Halbrend skule har ein merkantil ressurs på 80 prosent og leiargruppa består av to assisterande rektorar og rektor.  

Du må legge fram godkjent politiattest av ny dato før du tiltrer stillinga.

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    07.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5654904
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.03.2024