Company
Rauma kommuneApplication deadline
08.06.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligNumber of positions
1Career-kode
2941921Look here for other jobs from Rauma kommune
- Updated 25.05.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Rauma kommune
Rektor Måndalen barne- og ungdomsskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Rauma kommune søkjer etter rektor i 100 % fast stilling frå og med 1.8.20. Rektor vil vere administrativ leiar for Måndalen barne- og ungdomsskule. I administrasjonen inngår og ein avdelingsleiar. Måndalen skule (1-10) har inneverande år 105 elevar.
Opplæringsmål i grunnkretsen er nynorsk. Det vert elles vist til kommunen sine heimesider.
Rektor sitt arbeids- og ansvarsområde:
- Fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda
- Deltakar og pådrivar i samhandlinga i ulike samarbeidsfora med elevar, foreldre og lokalsamfunn
- Inngår i leiarteamet til skolesjefen
- Rapporterer til skolesjefen
Vi søkjer ein leiar som:
- Har ambisjonar som skole- og oppvekstleiar
- Har ei strukturert arbeidsform med krav til kvalitet og resultat
- Er samarbeids- og serviceorientert med tydelig kommunikasjonsform
- Har evne til å myndiggjere, inspirere og motivere medarbeidarane
- Er løysingsorientert og kreativ
- Har relevant utdanning på høgskole- og eller universitetsnivå
- Har relevant leiarerfaring og praksis
Vi tilbyr:
- Nært samarbeid med leiarar for dei øvrige verksemder innanfor tjenesteområdet
- Kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar
- Lønn etter avtale og god pensjonsordning i SPK
Nærare opplysningar om stillinga kan bli gitt ved å henvende seg til skolesjef Aina Øyen Henden på tlf. 71166445/48891938 eller på e-post: aina.henden@rauma.kommune.no
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Søknad sendast
Rauma kommune tek berre imot elektroniske søknader. Dette betyr at berre søknader sendt elektroniske vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer din CV med utdanning og kompetanse.
Du kan kontakte lønn-/personal for rettleiing om elektronisk søknad, tlf. 7116 6600 (måndag-torsdag 9-11.30), evt pr. mail lonn@rauma.kommune.no.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarliste, samt at ved tilsetting i stillingar innan barnehage/oppvekst er det krav om politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattest krevjast berre av søkar som får tilbod om stilling, og den skal derfor ikkje sendast med.
Company
Rauma kommuneApplication deadline
08.06.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligNumber of positions
1Career-kode
2941921Look here for other jobs from Rauma kommune
- Updated 25.05.2020