• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    12.11.2020
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3200674
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 02.11.2020
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Rektor Lindås barneskule - ny utlysing

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig ein spennande rektorstilling ved Lindås barneskule

Om Lindås barneskule

Lindås barneskule er ein nyleg rehabilitert og moderne skule, som ligg sentralt i den vakre Lindåsbygda, vel 20 minutt køyretid frå kommunesenteret Knarvik. Skulen har 216 elevar og eit personale på vel 40. I tillegg har vi ansvar for drift av ressursbanken til skulane i Alver, ein vikarpool med 4 tilsette. Vi har ein administrasjonsressurs på 210%, den er delt på rektor og to inspektørar. I tillegg har vi SFO-leiar og administrasjonssekretær. Vi har jobba mykje med lesing, skriving og vurdering for læring. Skulen si pedagogiske plattform er trivsel og læring, og vi har fokus retta mot eit godt psykososialt og inkluderande skulemiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for drift og utvikling av skulen
  • Overordna ansvar for personale og økonomi
  • Leie og utvikle skulen sitt pedagogiske arbeid, samt organisering av undervisninga slik at kvar elev får eit trygt og godt læringsmiljø
  • Vidareføre eit godt skule-heim-samarbeid
  • Samarbeide om felles utvikling av Alver-skulane
  • Samarbeide med andre sektorar om eit godt tilbod til elevane

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
  • Ønskjeleg med rektor /skuleleiarerfaring og skuleleiarutdanning
  • God system- og rolleforståing
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanforståing
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene

Personlige eigenskaper

Du må kunne få til god tillit og  relasjonar til elevar, foreldre og tilsette. Gode samarbeidsevner og det å være ein dyktig problemløser viktig. Ein lærande og nysgjerrig leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Rektor bør være ein kulturbyggar og humørspreiar.

Du må kunne byggje tillit og relasjonar til både elevar, tilsette og foreldre. Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert. Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Du er både kulturbyggar og humørspreiar.

Vi tilbyr:

  • Eit fagleg dyktig kollegium.
  • Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
  • Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
  • Leiaropplæring
  • Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Det er krav om framvist politiattest ved tiltrede i tråd med opplæringslova.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

 

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    12.11.2020
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3200674
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 02.11.2020