Company
Sogndal kommuneApplication deadline
03.04.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5573085Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 26.03.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Rektor Fjordtun oppvekstsenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer etter rektor i 40% stilling ved Fjordtun oppvekstsenter for skuleåret 24/25. Som rektor er du leiar for skulen og SFO. Oppvekstsenteret ligg idyllisk til i Sogndal kommune med eit nærområde som innbyr til variert og inkluderande opplæring.
Som rektor ved Fjordtun oppvekstsenter skal du leia 2 tilsette og legga rammene for eit utviklande og spennande arbeidsmiljø. Barnetalet ligg på om lag 6 elevar frå 1. til og med 4. trinn. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som skapar eit godt, motiverande og trygt lærings- eller leikemiljø.
Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som rektor er du med i fellesskapet for skuleleiarar i Sogndal kommune. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar dei bur i den langstrakte kommunen.
Me søkjer ein relasjonssterk og inkluderande leiar til å leia oppvekstsenteret for skuleåret 24/25.
Arbeidsoppgåver:
pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid
samspel med elevar, foreldre og nærmiljø
elevane sitt læringsmiljø
skulefritidsordninga
personalansvar og oppfølging av dei tilsette.
økonomiansvar og administrasjon
undervisning
Kvalifikasjonar:
relevant høgare pedagogisk utdanning og leiarerfaring
ynskje om formell leiarutdanning
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
ynskje om at ein har kompetanse i bruk av digitale læremiddel i opplæringa
eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng
Personlege eigenskapar:
gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ
evne til å jobba både i team og sjølvstendig
strukturert, tydeleg og målretta
stor arbeidskapasitet
fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Den tilsette må legge fram politiattest før oppstart i stillinga.
Me tilbyr:
ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende.
gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling.
gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
03.04.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5573085Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 26.03.2024