Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
09.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6055, GODØYA
GISKE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6629259Se här för andra jobb från Giske Kommune
Giske Kommune
Rektor/einingsleiar ved Godøy skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Stillinga som einingsleiar og rektor ved Godøy skule er ledig frå 01.08.2026.
Giske kommune søker ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert rektor ved Godøy skule. Har du motivasjon for å leie skulen si vidare utvikling med fokus på elevane og deira læring og trivsel? I Giske kommune har vi samla oppvekstsektoren i ei felles retning for tidleg innsats og ein inkluderande praksis.
«Det var bra eg kom» er visjonen for ein oppvekst i Giske kommune, med utgangspunkt i barnet sitt møte med barnehage og skule.
Godøy skule er ein 1-7 skule med 140 elevar og for tida 21 årsverk. Det er tett samhandling i skuleleiargruppa og som rektor tek du del i kommunedirektøren sitt leiarforum.
Godøy skule har konkretisert visjonen slik; «Trygt forankra strekk vi oss ut!». Skulen har utvikla eit ambisiøst og aktivt profesjonsfellesskap, der refleksjon, erfaringsdeling og felles utvikling av praksis står sentralt.
Skulen er tett forankra i øysamfunnet og det maritime miljøet, der naturen og nærmiljøet er viktige læringsarenaer. Gjennom heimstadlære, maritim veke, julemarknad og entreprenørskap får elevane utforske, skape og lære i autentiske samanhengar og i tett samspel med lokale aktørar. Det har over tid vore utvikla kompetanse for fagleg inkludering, gjennom fokus på opne oppgåver, uteskule og utvida læringsarenaer. Det er planlagd for arbeid vidare med utvikling innan berekraft og skulehage. Godøy skule er ein utviklingsorientert skule der elevane skal vere trygt forankra i eigen identitet og lokalmiljø, samstundes som dei strekkjer seg ut mot nye erfaringar, kunnskap og framtidsmoglegheiter.
Gyldig politiattest må leggast fram.
Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.
Løn etter avtale og kvalifikasjonar.
I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Høgare relevant pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
- Rektorutdanning og/eller relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år.
- Erfaring frå undervisning og relevant leiarerfaring
- Kunnskap om økonomistyring og administrativt arbeid
- Kunnskap om relevant lovverk og oppdatert kompetanse på pedagogisk utviklingsarbeid
- God digital kompetanse
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlige egenskaper:
- Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiarteamet sitt legg til rette for at andre skal få realisere potensialet sitt for utvikling og læring
- Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
- Evne til å arbeide ryddig og strukturert, ta initiativ og gjennomføre godt
- Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
Vi tilbyr:
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrar
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Tett samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente leiarar innan oppvekstområdet, i kommunen sitt tverrfaglege leiarforum og elles i Giske kommune
Giske kommune sine verdiar er: - Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
- Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
09.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6055, GODØYA
GISKE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6629259Se här för andra jobb från Giske Kommune
-
Miljøterapeut 100% fast stilling
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES -
Spesialpedagog, ledige stillingar ved Valderøy barneskule, Basen
Giske Kommune
VALDERØYA -
Langevåg skule og SFO søker inntil 3 Assistentar/fagarbeidarar i 50-80% vikariat for skuleåret 26/27
Sula kommune
LANGEVÅG -
Barne-og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar, ledige stillingar ved Valderøy barneskule, Basen og SFO
Giske Kommune
VALDERØYA