Company
Alver kommuneApplication deadline
23.01.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4286753Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 14.01.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Rektor - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Kløvheim skule frå 01.02.2022.
Som rektor i Alver kommune har du eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.
Om Kløvheim skule
Kløvheim skule ligg ca 20 minutt frå Knarvik. Det er ein 3-delt skule og har dette skuleåret 29 elevar og 9 tilsette.
Skulen ligg landleg til og har mykje fint natur- og turområde, og store leikeområde for elevane.
Skulen sin visjon er TRYGGLEIK + MEISTRING = TRIVSEL
Satsingsområde ved skulen er lesing, LK20 og elevmedverknad.
Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."
Som rektor skal du også:
- Vidareføre eit godt samarbeid mellom skule og heim
- Samarbeide om felles utvikling av skulane i Alver
- Samarbeide med andre sektorar om eit godt tilbod til elevane
Ein må også rekne med at noko undervisning vert del av stillinga.
Kvalifikasjonar:
- Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
- Ønskjeleg med rektor /skuleleiarerfaring og skuleleiarutdanning
- God system- og rolleforståing
- Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
- Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanforståing
- God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
- Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing
Personlege eigenskapar
Du må kunne byggje tillit og relasjonar til både elevar, tilsette og foreldre.
Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert.
Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
Vi tilbyr
Eit fagleg dyktig kollegium.
Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
Leiaropplæring
Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Politiattest
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Company
Alver kommuneApplication deadline
23.01.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4286753Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 14.01.2022