Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
30.06.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4672969Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 17.06.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Rektor 100% fast - Knappskog skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Knappskog skule er ein fulldelt barneskule med om lag 230 elevar fordelt på 14 klassar. I tillegg driftar skulen innføringsklassen for minoritetsspråklege elevar i kommunen. Skulen er heildigital og har som visjon å fremje kunnskap i eit trygt læringsmiljø. Skulen satsar på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt arbeidsfellesskap.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og utvikle skulen
- Leie og utvikle kollegiet
- Bidra til utvikling og samarbeid på tvers av fag og einingar for å utvikle tenestene for innbyggjarane
- Administrativ og økonomisk styring
- Personaloppfølging
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Undervisningskompetanse frå grunnskule
- Pedagogisk kompetanse
- Leiarerfaring gjerne frå grunnskule
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Leiarutdanning
- Erfaring innan personalleiing og økonomistyring
- Erfaring innan organisasjonsutvikling
Vi ønskjer ein rektor som:
- ser på dei tilsette som ressursar
- er ein god relasjonsbyggar
- tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
- har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
- er ein kreativ og inspirerande leiar
- har evne til å allokere og organisere organisasjonen og ressurser
- har gode digitale kunnskapar og kan vere med på å utvikle skulen sitt digitale arbeid
- er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
- er aktivt deltakande i samhandling og samskaping med dei andre skulane i regionen
- orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid, og som vil vere med å utvikle heile kommunen i lag med andre
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
30.06.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4672969Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 17.06.2022