• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4672969
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Rektor 100% fast - Knappskog skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Knappskog skule er ein fulldelt barneskule med om lag 230 elevar fordelt på 14 klassar. I tillegg driftar skulen innføringsklassen for minoritetsspråklege elevar i kommunen. Skulen er heildigital og har som visjon å fremje kunnskap i eit trygt læringsmiljø. Skulen satsar på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt arbeidsfellesskap. 

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og utvikle skulen
  • Leie og utvikle kollegiet
  • Bidra til utvikling og samarbeid på tvers av fag og einingar for å utvikle tenestene for innbyggjarane
  • Administrativ og økonomisk styring
  • Personaloppfølging

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Undervisningskompetanse frå grunnskule
  • Pedagogisk kompetanse
  • Leiarerfaring gjerne frå grunnskule
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Leiarutdanning
  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring
  • Erfaring innan organisasjonsutvikling

Vi ønskjer ein rektor som:

  • ser på dei tilsette som ressursar
  • er ein god relasjonsbyggar
  • tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
  • har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
  • er ein kreativ og inspirerande leiar
  • har evne til å allokere og organisere organisasjonen og ressurser
  • har gode digitale kunnskapar og kan vere med på å utvikle skulen sitt digitale arbeid
  • er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
  • er aktivt deltakande i samhandling og samskaping med dei andre skulane i regionen
  • orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid, og som vil vere med å utvikle heile kommunen i lag med andre

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4672969
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.06.2022