• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    24.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5754559
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 14.06.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

Rektor 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om skulen:

Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i underkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Skulen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar, og har ei avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære spesialpedagogiske behov.

Tranevågen er utviklingsorientert og er vi opptatt av å vere ein skule som er i takt med tida. I utviklingsarbeidet har elevinvolvering, praktisk og relevant opplæring, internasjonalt samarbeid og trygt og godt læringsmiljø vore høgt på prioriteringslista.

Skulen har eit solid leiarteam som inneheld tre avdelingsleiarar, kontorkonsulent i tillegg til rektor. Skulen har og ei eiga miljøavdeling, som består av sosiallærar og miljørettleiarar, og som bidreg saman med dei andre i personale til at vi kan fange opp og arbeide med dei mest sårbare elevane.

Vi søkjer etter ein rektor som har evne til å byggje gode relasjonar til både sine kollegar, til elevane og til føresette, og som klarer å tenkje heilskapleg i samband med elevane si opplæring. Visjonen til Tranevågen ungdomsskule er «Tranevågen flyg høgare og lenger», og i det ligg det at vi utforskar og utviklar profesjonsfellesskapet i lag, for å halde oss fagleg oppdaterte.

Arbeidsoppgåver: 
  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet 
  • Økonomiansvar 
  • Forvaltningsoppgåver 
  • Overordna personalansvar 
  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon 
  • Samarbeide med politisk og administrativt nivå 
  • Samarbeid med andre instansar 
Kvalifikasjonar: 
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet 
  • Undervisningskompetanse frå grunnskule 
  • Pedagogisk kompetanse 
  • Leiarerfaring, gjerne frå grunnskule 
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
Ønskja kvalifikasjonar: 
  • Relevant leiarutdanning 
  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring 
  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging 
  • God IKT-kompetanse 
Vi ser etter deg som:
  • Ser løysingar, og har vilje til å bruke den kollektive kapasiteten som ligg i organisasjonen
  • Har evne til tenkje heilskapleg og målretta i løyse komplekse oppgåver
  • Har evna til å vere tydeleg samstundes som ein er inkluderande for alle tilsette, elevar og føresette.
Kontakt:

Skulesjef oppvekst Jon Erik Egeland, tlf 915 20 625 

Noverande rektor Rune Golf, tlf 90 97 08 02

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    24.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5754559
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 14.06.2024