Company
Alver kommuneApplication deadline
04.10.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4103050Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 18.09.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Rektor - 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Rossland skule frå 01.01.2022.
Som rektor i Alver kommune har du eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.
Om Rossland skule
Rossland barne- og ungdomsskule ligg på Rossland, ca. 20 min frå Knarvik. Skulen har omlag 227 elevar, og 50 tilsette. Skulefritidsordninga har for tida ca. 42 barn og 7 tilsette
Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."
Som rektor skal du også:
• Vidareføre eit godt skule-heim-samarbeid
• Samarbeide om felles utvikling av skulane i Alver
• Samarbeide med andre sektorar om eit godt tilbod til elevane
Kvalifikasjonar:
• Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
• Ønskjeleg med rektor /skuleleiarerfaring og skuleleiarutdanning
• God system- og rolleforståing
• Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
• Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanforståing
• God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
• Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing
Personlege eigenskapar
Du må kunne byggje tillit og relasjonar til både elevar, tilsette og foreldre. Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert. Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
Vi tilbyr
• Eit fagleg dyktig kollegium.
• Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
• Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
• Leiaropplæring
• Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Politiattest
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Company
Alver kommuneApplication deadline
04.10.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4103050Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 18.09.2021