• Företag
    Gol kommune
  • Ansökningstiden
    14.09.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6356152
  • Se här för andra jobb från Gol kommune
Ledigt jobb

Gol kommune

Rekneskapssjef – Fagansvar for rekneskap og innkjøp

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å forme framtidas økonomifunksjon i Gol kommune? Vi søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert rekneskapssjef som vil ha hovudansvaret for rekneskap og innkjøpog som brenn for kvalitet, effektivisering og digital utvikling. 

Om stillinga 
Som rekneskapssjef får du eit breitt og viktig fagansvar for kommunens rekneskaps- og innkjøpsfunksjon. Du vil vere ein nøkkelperson i økonomiavdelinga, med ansvar for etterleving av regelverk, opplæring i system og rutinar, og utvikling av gode prosessar. Vi ser etter deg som ikkje berre held orden i tala, men som også ser moglegheiter for forbetring og tek initiativ til å realisere dei. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Fagleg ansvar for kommunens rekneskap og innkjøp 
  • Sikre etterleving av kommunelova, GKRS og offentleg regelverk 
  • Opplæring og rettleiing i økonomisystem og innkjøpsrutinar 
  • Utarbeiding og kvalitetssikring av årsrekneskap og rapportar 
  • Vidareutvikling av rutinar, internkontroll og prosessforbetring 
  • Økonomisk rådgjeving og støtte til leiarar og fagmiljø 
  • Samarbeid med revisor og eksterne partar 

Kvalifikasjoner: 

  • Høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon. 
  • Sterke analytiske ferdigheiter og god systemforståing 

Vi ønskjer at du: 

  • Har erfaring frå rekneskapsarbeid, helst frå offentleg sektor 
  • Har god kjennskap til kommunalt regelverk og økonomisystem 
  • Har erfaring med digitalisering og utviklingsarbeid 
  • Er analytisk, strukturert og løysingsorientert 
  • Er sjølvstendig og initiativrik 
  • Har gode samarbeidsevner og formidlingsevne 
  • Er nysgjerrig og utviklingsorientert 

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar 

Vi tilbyr:

  • Ei nøkkelrolle i eit kompetent og framtidsretta økonomimiljø 
  • Moglegheit til å påverke og utvikle kommunens økonomifunksjon 
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver 
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø 
  • Fagleg rettleiing og moglegheit for vidare utvikling. 
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP 
  • Løn og tilsetjing i samsvar med gjeldande avtaleverk (arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og Hovudtariffavtale) 
  • Gratis tilgang på treningssenter. 

Praktisk informasjon 

  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista 
  • Vitnemål og attestar legg du ved søknaden 

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss. 

Velkommen som søkjar – vi gler oss til å høyre frå deg! 

 

  • Företag
    Gol kommune
  • Ansökningstiden
    14.09.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6356152
  • Se här för andra jobb från Gol kommune