Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6452202Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Reinhaldarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Reinhaldarar (3 faste 100% stillingar)
Sogndal kommune søkjer tre reinhaldarar i 100% som vil vere med og halde lokala våre reine og trivelege for både innbyggjarar, brukarar og kollegaer.
For tida er to stillingar på Leikanger og ei ved SHOS i Sogndal. Det kan bli aktuelt med arbeid på tvers av sonene, så litt fleksibilitet set me pris på.
Kven er du?
Me trur du trivst med orden, struktur og samarbeid, og at du møter folk med eit smil og eit «dette ordnar me». Du er pliktoppfyllande, serviceorientert og likar å vere ein viktig del av kvardagen til mange.
Me ynskjer at du har:
• Fagbrev som reinhaldar (relevant og lang erfaring kan kompensere)
• Førarkort klasse B
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Du må kunne leggje fram politiattest ved tilsetjing, i tråd med lovverket for arbeid i skule og barnehage.
Me tilbyr
• Trygg og fast stilling i ei viktig teneste
• God opplæring og støtte i arbeidskvardagen
• Trivelege kollegaer som bryr seg om kvarandre
• Ein arbeidsplass der me set pris på folk som tek ansvar og bidreg med godt humør
Praktisk informasjon
Arbeidsstad: Sogndal og/eller Leikanger
Stilling: 100 prosent, fast
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 30. november
Søknad sender du via EasyCruit
Kontaktperson:
Tone Hylseng Haugen
Telefon: 57 65 26 21
E-post: Tone.Hylseng.Haugen@sogndal.kommune.no
Om Sogndal kommune
Sogndal kommune ligg i hjarta av Sogn, med fjord og fjell rett utanfor døra. Me er regionsenter i Sogn med omlag 12 000 innbyggjarar og rundt 1 300 tilsette.
Mangfald og inkludering
Me ynskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring. Sogndal kommune jobbar for likestilling og mot diskriminering, og me legg til rette for medarbeidarar som treng det.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6452202Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Sjukepleiar/vernepleiar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helgestillingar - Leikanger sjukeheim
Sogndal kommune
Leikanger -
Helgestillingar - Balestrand helsetun og heimetenesta
Sogndal kommune
Balestrand -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal -
Pedagogisk leiar og fagarbeidar/assistent - Furuli barnehage
Sogndal kommune
Kaupanger