Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
01.09.2021Bransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4004777Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 03.08.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Ål Kommune
Reinhaldar med utvida ansvar - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning
Vi søker etter reinhaldar med ambisjonar. Ønsker du å få leiarerfaring i rolla som stedfortredande leiar for ein flott gjeng på 29 tilsette?
Vår avdeling har ansvaret for reinhald av alle kommunen sine bygg (skular, barnehagar, kulturhus, idrettshall, svømmebasseng, andre institisjonar og administrasjonsbygg).
Vi gjer ein kjempeinnsats for å ivareta godt smittevern og skapar trygge rammer for Ål sine innbyggjarar i alle aldrar.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene:
- stedfortreder for avdelingsleiar
- bestilling og innkjøp av forbruksmateriell
- arbeidsplanlegging (koordinere og fordele personell til prioriterte bygg og oppgåver kvar veke)
- utføre reinhald på kommunen sine bygg der det trengs ekstrainnsats pga sjukefråver eller ekstraordinære behov
Vi ønsker at du:
- har fagbrev reinhald eller erfaring frå reinhaldsfaget
- er ryddig, fleksibel og positiv
- har gode datakunnskaper
- er villig til å trå til der det trengs
- bidreg til kontinuerleg forbetring
Du har førarkort for bil.
Vi tilbyr:
- ein jobb med større ansvar
- varierte oppgåver, både administrative og operative
- gunstig pensjonsordning
- deltaking i eit internt program for leiarutvikling
- eit kompetent og triveleg arbeidsmiljø
- tilsejting iht. gjeldande lov- og avtaleverk
- løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar
- oppstart etter avtale
Stilling: 100% fast
Søknadsfrist: 30.08.2021.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsleiar Kristin Romslo Lunden, tlf 97152296.
Du skal ikkje sende inn vitnemål og attestar. Ta med kopiar av desse til eit eventuelt intervju. Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Adresse: Torget 1, 3570 Ål
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
01.09.2021Bransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4004777Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 03.08.2021