Company
Øygarden kommuneApplication deadline
16.03.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3537173Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 02.03.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Reinhaldar 14% fast - Lyngheia bufellesskap
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Reinhaldstenesta må vere ei dynamisk eining og har som føremål å vere løysingsorientert og kostnadseffektiv i handtering av dei oppgåvene som til ein kvar tid vert lagt til eininga.
Eininga vil leggje vekt på eit trygt arbeidsmiljø og vere utviklingsorientert med tanke på reinhaldsmetodar. Ved å velje smarte løysingar og godt utstyr kan ein gjere tungt arbeid lettare, og ved bruk av meir maskinelt arbeid kan ein redusera kjemikaliebruken og samstundes auke reinhaldskvaliteten.
Eininga vil leggje stor vekt på kompetanseheving, og vil halda fram med å tilby intern opplæring og kurs i reinhaldsoperatørfaget.
Arbeidsoppgåver:
- Periodisk fjerning av støv og flekkar
- Periodisk vedlikehald av golv (reinsing, polering)
- Hovudreingjering
Arbeidstid: 1 time 45 minutt måndag, onsdag og fredag
Kvalifikasjonar:
- Må ha praksis frå reinhald, det er viktig med god realkompetanse.
- Må kunne jobbe etter ein arbeidsplan
Ønskjeleg med:
- Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
- Må kunne snakke, lese og skrive norsk
- Må vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar Marilyn Sekkingstad, tlf. 91 80 12 71, eller e-post marilyn.sekkingstad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
16.03.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3537173Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 02.03.2021