• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088948
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rådgjevar VA - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved avdeling for Veg, samferdsle og VA har me ein ledig rådgjevarstilling med fokus på forvaltning av vatn og avløp.  

Om Veg, samferdsle og VA

Tenesteområdet Eigdomdsforvaltning har ansvar for forvaltning av heile eigedomsmassen til Alver kommune, både bygningsmasse, areal, veg-, vatn-, og avløpsanlegg. Arbeidsstad er Rådhuset på Frekhaug. Her er vi ein del av eit bredt fagmiljø innan for feltet vårt.

Alver Kommune er ein stor kommune i utstrekning, 679 kvadratkilometer, og har difor eit omfattande distribusjonsnett for vatn og avløp. Over 100 tekniske anlegg, innafor vatn og avløp, reinseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng osv. Kommunen er og vertskommune for mykje industri, med blant anna Equinor sitt raffineri og forsyningsbase på Mongstad. 

Avdelinga er inne i omfattande planarbeid og spennande utbyggingsoppgåver, særleg i regionsenteret Knarvik. Det pågår arbeid med veg, vatn og avløp og nytt hovedavløpsreinseanlegg for heile søre delen av Alver Kommune. I tillegg er det ei rekkje utbyggingsprosjekt som er lagt inn i hovudplaner/temaplaner for veg, vatn og avløp framover i tid. 

Avdelinga har blant anna ansvar for 

  • Strategi, planar, normer og rutiner for sitt ansvarsområde
  • Sakshandsaming knytt til private planar
  • Prosjekt – planlegging av større og mindre investeringsprosjekt
  • Oppfølging av kommunen sine overordna planar og strategiar
  • Politiske saker – orienteringar knytt til fagområde

 Arbeidsoppgåver i stillinga

  • Ansvar for framdrift og kvalitetssikring av utbyggingsprosessar
  • Tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar VA
  • Konstruktivt og tett samarbeid med interne og eksterne
  • Ansvar for sakshandsaming og vedtak knytt til VA-faget
  • Oppfølging og kontroll med utbyggingar både administrativt og ute på byggeplass

Ønskt kompetanse

  • Ingeniørutdanning/ teknisk fagskule, relevant erfaring vil bli vektlagt, og kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring med VA-tekniske løysingar i praksis
  • Erfaring innan utbygging og planlegging av kommunal infrastruktur 
  • Oversikt over faget når det gjeld formelle krav til planlagte og utført arbeid
  • Evne til å vurdere temaplanar, private utbyggingar og tekniske spørsmål frå innbyggjarar og næringsliv
  • Gjerne juridisk kompetanse innanfor VA-faget
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • Erfaring frå konsulent- eller entreprenørbransjen er positivt
  • God kompetanse innan IKT

Personlege eigenskaper

  • Du er engasjert og sjølvgåande
  • Du er god til å kommunisere både skriftleg og munnleg 
  • Du har eit godt humør
  • Du bidrar til godt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og på tvers av fagområde

Vi tilbyr

  • Ein utviklande arbeidsplass i eit hektisk og godt arbeidsmiljø
  • Du vil få fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

Bli kjent med Alver kommune

 

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088948
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.03.2023