• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665084
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 05.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rådgjevar personal- og organisasjonsutvikling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon


Har du lyst til å bidra til at Sogndal kommune er ein profesjonell og attraktiv arbeidsgivar? Har du erfaring med å gi råd til leiarar? Har du god kunnskap om lov og avtaleverk for offentleg sektor? Er du interessert i å vidareutvikle personal- og organisasjonsprosessar og ha eit strategisk blikk på arbeidet ditt?
I så fall vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å vidareutvikle vår organisasjon og vår kultur slik at vi står godt rusta til å møte oppgåvene for framtida.

Eininga for personal- og organisasjonsutvikling bidreg til utvikling av medarbeidarar, leiarar og organisasjon og har samtidig ansvar for å levere profesjonelle HR-prosessar. Vårt område er i utvikling; ikkje minst knytt til digitalisering der vårt fagfelt er sentralt. Eininga løyser oppgåver i lag i ein moderne, fleksibel og dynamisk organisasjon.

Me ser etter deg som er erfaren innan leiar- og organisasjonsutvikling og samspelet mellom desse områda. Me trur du er ein sterk fagperson med interesse for teknologi og har eit ønskje om å jobbe tett med leiarar i ein organisasjon i utvikling.

Rådgjevar i personal- og organisasjonsutvikling vil bistå tilsette og leiarar med råd og støtte innan bla. fagområda lov- og avtaleverk, utviklingsprosessar og rekruttering, slik at dei når sine verksemdsmål og prioriterte planar.

Arbeidsoppgåver:

  • Design og gjennomføring av organisasjonsutviklingstiltak
  • Generell sakshandsaming innan personalfeltet
  • Kompetanseplanlegging- og gjennomføring
  • Leiarstøtte
  • Rekruttering
  • Forvalte og utvikle reglement, retningslinjer og styringsdokument
  • Prosjektdeltaking på tvers i organisasjonen
  • Gi råd og opplæring og vere med på utvikling innan heile fagområdet til personal og organisasjonsutvikling
    • Andre oppgaver innen personal- og organisasjonsutvikling kan bli tillagt stillinga

Du må ha

  • God erfaring med leiarutvikling og kjennskap til endringsleiing, i ein stor og kompleks organisasjon, helst innan offentleg verksemd
  • Betydeleg relevant arbeidserfaring (HR, digitalisering, leiing e. l.)
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg

 

Du bør ha

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis bachelor eller master frå relevant fagområde (organisasjonsutvikling, leiing e.l.)

 

I tillegg er det ønskjeleg at du har

  • Kunnskap om offentleg forvaltning
  • Kunnskap om og erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Erfaring frå rekrutteringsprosessar
  • Gode IKT-kunnskapar

 

Personlege eigenskapar:

  • God relasjonskompetanse
  • Høg arbeidskapasitet
  • Evne å jobbe strukturert og kunne prioritere i ein hektisk kvardag
  • Evne til å sjå løysingar og få med deg andre og har gjennomføringsevne
  • Vant til å jobbe sjølvstendig 

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga til stillinga.

Me tilbyr:

  • Ein variert arbeidskvardag
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665084
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 05.07.2022