Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rådgjevar NAV Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Likar du å vera ein del av eit engasjert og framoverlent arbeidsmiljø? Då kan du vera den personen vi leitar etter i spennande og nyoppretta stilling.

NAV Sogndal har ledig frå snarast 100% fast rådgjevarstilling. Vi har base i nye, flotte lokale på Leikanger.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging, rettleiing og praktisk bistand i startfasen som nybusett flyktning i kommunen
  • Kartlegge og saksbehandle søknader etter lov om sosiale tjenester i NAV
    • Det kan bli endringar og andre arbeidsoppgåver innan saksfeltet må påreknast
  • Samhandle med aktuelle samarbeidspartar om integrering og oppfølging av flyktningar

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet 

Det er ynskjeleg at du har:

  • Kjennskap og erfaring frå sakshandsaming etter lov om sosiale tenester i NAV
  • Erfaring fra liknande arbeid eller arbeid med oppfølging av menneske i sårbare livssituasjonar
  • God kartlegging og rettleiingskompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God systemforståing
  • God digital kompetanse

 

Me ser etter deg som er:

  • Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
  • Løysningsorientert, likar å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Er målretta, strukturert og har gjennomføringsevne
  • Evne til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter
  • Prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar


Personleg eigenskap vil bli særleg vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetting skjer på kommunale vilkår og lønn etter tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.   

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.