Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
19.04.2020Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAntal befattningar
1Karriere-kod
2859525Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 03.04.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjaler kommune
Rådgjevar/ingeniør med interesse for FDV og prosjektstyring
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi ser no etter ein ny kollega ved teknisk kontor som vil få overordna ansvar for kommunen sine bygg og andre eigedommar. Vår nye medarbeidar har erfaring frå liknande arbeid, og i tillegg god fagleg kompetanse på området.
I kommunal bygg- og eigedomsforvaltning skal ein handtere store verdiar, og som tilsett hos oss vil du bli involvert både i planarbeid og i ulike samarbeidsfora internt. Prosjektleiing vil i tillegg til forvaltning og drift utgjere ein viktig del av stillinga, og det er ønskjeleg med erfaring frå prosjektstyring.
Vi skal innføre nytt digitalt forvaltningssystem for bygga og eigedommane våre i tida som kjem, og har fokus på kontinuerlig forbetring av arbeidsprosessane våre. Vi håper difor du trivst godt med utvikling og digitalisering som ein del av kvardagen.
I avdelinga vil du jobbe blant mange dyktige kollegaer, og vi ser fram til å få ny kompetanse på plass for å løyse dei viktige oppgåvene våre. Om du finn stillinga interessant så håper vi du tek kontakt med oss viss du har spørsmål, og at du sender oss ein søknad innan 19. april.
Arbeidsoppgåver
- Forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine bygg og eigedommar
- Ansvar for innføring og drift av nytt digitalt forvaltningsystem (FDV-system)
- Prosjektleiing i kommunale investeringsprosjekt knytt til bygg og eigedom
- Kjøp og sal av eigedom og tomter
- Andre oppgåver i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på fagskule- eller høgskulenivå
- Erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og eigedom
- Kompetanse på prosjektleiing
- God økonomisk forståing
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Målretta
- Løysingsorientert
- God på samarbeid
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
19.04.2020Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAntal befattningar
1Karriere-kod
2859525Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 03.04.2020