Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
09.12.2022Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4897257Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 29.11.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Rådgjevar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Likar du å jobbe i høgt tempo og vera ein del av eit engasjert og framoverlent arbeidsmiljø? Då kan du vera den personen vi leitar etter til ein spennande og nyoppretta stilling.
NAV Sogndal har ledig frå snarast 100% midlertidig rådgjevarstilling i første omgang til 31.12.23. NAV Sogndal har base i nye, flotte lokale på Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging, rettleiing og praktisk bistand i startfasen som nybusett flyktning i kommunen
- Kartlegge og saksbehandle søknader etter lov om sosiale tenester i NAV
- Samhandle med aktuelle samarbeidspartar om intergrering og oppfølging av flyktningar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgare utdanning frå Høgskule eller universitet
Det er ynskjeleg at du har:
- Kjennskap og erfaring frå sakshandsaming etter lov om sosiale tenester i NAV
- Erfaring fra liknande arbeid eller arbeid med oppfølging av menneske i sårbare livssituasjonar
- God kartlegging og rettleiingskompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God systemforståing
- God digital kompetanse
Me ser etter deg som er:
- Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
- Løysningsorientert, likar å jobbe både sjølvstendig og i team
- Er målretta, strukturert og har gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner og er ein lagspelar
- Evne til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter
- Prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar
Personleg eigenskap vil bli særleg vektlagt
Me tilbyr:
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting skjer på kommunale vilkår og lønn etter tariffavtale
- Pensjonsordning gjennom KLP
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
09.12.2022Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4897257Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 29.11.2022