Company
Øygarden kommuneApplication deadline
25.02.2026Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6530256Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Rådgjevar 100% prosjektstilling ny EPJ
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2500 årsverk. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet i tenestene.
Øygarden kommune har gått til innkjøp av nytt journalsystem for pleie- og omsorgstenestene og innføringsprosjektet startar opp omgåande. I forbindelse med denne innføringa har vi ledig stilling som prosjektmedarbeidar.
Vår bestilling til leverandøren er ei framtidsretta journalsystem som skal gjere arbeidskvardagen enklare og dette vil medføre endringar i måten vi arbeidar på.
I samband med innføringa har vi ledig stilling som prosjektmedarbeidar. Vi trur du må ha bakgrunn frå helse og samtidig vere oppdatert på teknologi og dei moglegheiter det tilbyr. Erfaring frå kommunal organisering er ein fordel.
Prosjektstillinga har ein varigheit på 1 år, med moglegheit for forlenging. Stillinga er plassert hos IKT og dokumentsenter i lag med systemansvarleg for EPJ.
Er du klar for ei utfordring og ynskjer å vere med å både endre og gjere arbeidskvardagen enklare for tilsette innan pleie- og omsorgstenestene, ja då håpar vi på å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver:- Opplæring
- System bygging
- Rydding og klargjering av data
- Rutine skriving
- Endre og etablere ny arbeidsmetodikk
- Helsefagleg kompetanse på høgskulenivå
Relevant erfaring og bakgrunn kan kompensere for dette - Høg IKT- og systemkompetanse
- Kunnskap og erfaring knytt til systemansvar er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk
- Erfaring frå kommunal forvaltning
- Ønskjeleg med erfaring knytt til drift av EPJ system
- Kunnskap om sentrale føringar innan e-Helse
- Erfaring frå prosjektleiing og utviklingsarbeid knytt til IKT
- Gode kommunikasjon- og samhandlings eigenskapar
- Samarbeidsevne – du gjer dine kollegaer gode
- Utviklingsorientert og evne til å tenkje heilskapleg
- Systematisk, evne til å prioritere og sikre gjennomføring
- Høg arbeidskapasitet
- Evne til å lytte og gi tilbakemeldingar, samtidig som du er tydeleg på egne vurderingar
- Ynskjeleg med førarkort klasse B
- Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- IA bedrift
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Jørgen Kausland, Stabsleiar IKT og dokumentsenter – 90968686
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
25.02.2026Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6530256Look here for other jobs from Øygarden kommune