Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6650890Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Rådgjevar 100% fast – Jobbsjansen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Vil du være ein del av eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere forskjell i menneske sine liv?
NAV Øygarden er ein spanande og utviklande arbeidsplass med om lag 80 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi held til i eit moderne lokale sentralt på Straume.
Jobbsjansen er eit veletablert prosjekt finansiert av midlar frå IMDI. Prosjektet har som mål å gje bistand til innvandrarkvinner med særleg behov for kvalifisering og rettleiing for å komme inn i arbeidsmarknaden. Prosjektet har over fleire år levert gode resultat. Kommunen har for 2026 fått innvilga fleirårig støtte til prosjektet i perioden 2026-2027.
Prosjektet skal kontinuerleg følge opp 24 deltakar. I prosjektet skal det jobbast systematisk for å utvikle individuelt tilpassa programinnhald og tiltak som gjer best mogleg resultat slik at fleire innvandrarkvinner kjem i arbeid og utdanning
Arbeidsoppgåver:- Rettleia og støtta deltakarane i jobbsøkarprosessen
- Planleggja og gjennomføra gruppetiltak og workshopar for arbeidssøkjarar
- Rettleia deltakarane i tema knytt til arbeidslivet, som å skriva CV, førebu intervju og byggja nettverk
- Samarbeida med lokale bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar for å skapa arbeidsmoglegheiter for deltakarane
- Bidra til å utvikla og forbetra tiltaka i Jobbsjansen
- Dokumentera og rapportera aktivitetar og resultat
- Relevant høgskule eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå til dømes innan samfunnsfag eller pedagogikk
- Erfaring frå arbeid med minoritetsspråklege
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevne
- Erfaring frå prosjektleiing
- Erfaring frå arbeidsretta oppføging
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Evne til å setja deltakarane i fokus
- Gode samarbeidsevner
- God evne til å leia seg sjølv
- Resultatorientert – med fokus på kvalitet i tenesta
- Tek initiativ og trivst med nytenking og utvikling
Andre oppgåver kan påreknast
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Fungerande avdelingsleiar Ingvild Bakke tlf 93 08 32 72 mail: Ingvild.angell.bakke@nav.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6650890Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Lærling i Service- og administrasjonsfaget
Øygarden kommune
STRAUME -
Fagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
100% vikariat som rådgjevar
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar/Sjukepleiarstudent til Helgestillingar 18-20% fast
Øygarden kommune
Ågotnes -
Kognitiv terapeut 80% mellombels
Øygarden kommune
Straume