Ledigt jobb

Øygarden kommune

Rådgjevar 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og bygge opp og utvikle det nye ansvarsområdet for Barn og familie i Øygarden kommune?

Øygarden kommune er ein vekstkommune med omlag 40.000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest. Det skal vere godt å veksa opp i kommunen og det ligg mellom anna til tenestene under barn og familiesjefen å lukkast med dette. Tenestene i ansvarsområdet er skule- og helsestasjonane, skulehelsetenesta, flyktninghelsetenesta, jordmortenesta, kommunepsykologer for born og unge, barnevern og ungdomstenesta. I tillegg er vi i prosess med å etablere eit lærings- og integreringssenter som skal ligge under ansvarsområdet frå 01.03.25. 

Vi søker etter en dyktig og utviklingsorientert rådgjevar som kan støtte og bidra i utviklingsarbeidet saman med barne- og familiesjefen og einingsleiarane innanfor området. Stillinga som rådgjevar er nyoppretta etter ein omorganisering. Stillinga rapporterer til barne- og familiesjefen som er administrativ organisert under kommunalsjefsområde Oppvekst.

Arbeidsoppgåver:
  • Førebu og skrive politiske saker
  • Drive utviklingsarbeid på tvers av einingane i barn og familie
  • Støtte einingsleiarane i deira arbeid med internkontroll
  • Vere ein ressurs og pådrivar i prosess og forbetringsarbeid
  • Delta på møte saman med og på vegne av barne- og familiesjefen
  • Fagleg støtte og analysearbeid
  • Samhandling med politisk leiing
  • Samarbeid og samordning på tvers i organisasjonen og særskild mot tenesteområde i Helse og velferd.
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Relevant universitets- eller høgskuleutdanning
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Ønskjeleg med:
  • Utdanning på masternivå
  • Kjennskap til Øygarden kommune og/eller kommunesektoren
  • Relevant erfaring frå fagområde som er underlagt barn og familie
  • God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
  • Nøyaktig og kvalitetsbevisst 
  • Utviklingsorientert
  • Positiv og tillitsskapande
  • Høy arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
  • Har høg grad av respekt for menneske i vanskelege livssituasjonar
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante oppgåver og utfordringar i et aktivt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Barne og familiesjef Monica Johannesen Mørk, telefon: 98857417

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.