• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    18.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3777131
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 27.04.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Rådgivar Miljø og tilsyn 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Frå snarast har vi ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar.

Om Milø og tilsyn

Avdeling for Miljø og tilsyn vart oppretta som ny avdeling Alver kommune frå 1.1.2020.

Føremålet med oppretting av denne avdelinga er å sikre at Alver kommune har dedikerte ressursar og eit felles fagmiljø som har ansvar for tilsyn og oppfølging av ulovlege tilhøve etter plan- og bygningslova, aktiv oppfølging av saker som gjeld forureining og forsøpling og behandling av klagesaker.

Avdeling for Miljø og tilsyn er ei avdeling med 5 tilsette. Vi har arbeidsplassen vår i kommunehuset på Frekhaug. Avdelinga er ei av fire avdelingar ved Arealforvaltning, saman med Landbruk, Kart og oppmåling og Plan og byggesak.  Arealforvaltning høyrer til sektoren Teknisk forvaltning og drift, saman med Eigedomsforvaltning og Drift og vedlikehald.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene som er lagt til avdeling for Miljø og tilsyn er i hovudsak:

  • Tilsyn etter plan- og bygningslova kapittel 25
  • Ulovlighetsoppfølging etter plan- og bygningslova kapittel 32
  • Handsaming av søknadar om utslepp etter forureiningslova kapittel 12 og 13
  • Oppfølging av miljøsaker etter forurensingslova som til dømes bilvrak, båtvrak, andre typar forureining- og forsøplingsaker
  • Klagesaker etter plan- og bygningslova og anna lovverk som ligg til tenesteområda innanfor Teknisk forvaltning og drift.

Stillinga inneber og kunderettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre fagområde i kommunen.

Kompetanse

  • Relevant høgskule eller universitetsutdanning, t.d. ingeniør eller jurist. Relevant erfaring kan vege opp for utdanning.
  • Har kompetanse innanfor fagområdet og aktuelle lovverk som plan- og     bygningslova, forvaltningslova og forureiningslova.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming

Vi søkjer deg som:

  • har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
  • er strukturert, systematisk og serviceinnstilt
  • leverer arbeid av høg kvalitet
  • har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer og leiar
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • har sertifikat for bil

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse

Slik søker du

Noko for deg? Då høyrer vi gjerne frå deg.Trykk knappen "send søknad". Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    18.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3777131
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 27.04.2021