• Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    29.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6561736
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
Ledigt jobb

Hå kommune

Rådgivar IT - drift og infrastruktur

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hå kommune vil styrka fagmiljøet sitt innan IT og ser etter den rette kollegaen til å vidareutvikla og drifta den digitale infrastrukturen vår. Stillinga er ei to-årig prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetjing.

Den me ser etter, trivst med teknisk drift, tenker ti år fram i tid og kan hjelpa oss med å komma dit. Du kjenner deg att i verdiane våre - open, driftig og stolt - og let dei koma tydeleg til uttrykk i måten du arbeider på og møter folk på.

Korleis er kvardagen i IT-avdelinga?

Du blir ein del av eit samansveisa lag med IT-sjef og fem gode kollegaer. Saman leverer de tenester til ein organisasjon med om lag 1700 fast tilsette. Jobben vår er å setta resten av organisasjonen i stand til å utføra samfunnsoppdraget sitt.

Ansvaret i prosjektstillinga kan tilpassast noko til kompetansen din og behova i organisasjonen. Likevel vil arbeidskvardagen mellom anna bestå av:
• Drift, overvaking og vidareutvikling av kommunen sin IT-infrastruktur
• Forvaltning og vidareutvikling av Microsoft 365, inkludert Entra ID (Azure AD) og Intune / klienthandtering
• Drift og administrasjon av brannmurar, hovudsakleg Check Point
• Arbeid med identitet, tilgangsstyring og sikkerheit
• Drift og forvaltning av eAdm og tilknyting av fagsystem
• Samarbeid med leverandørar og interne fagmiljø
• Bidrag i beredskapsarbeid, feilsøking og hendingshandtering
• Dokumentasjon og standardisering av løysingar

Kven er du, og kva har du i verktøykassa?

For oss er fagkompetansen du har, arbeidsoppgåvene du utfører, og måten du møter menneske på, like viktig. 

Noko av det som kvalifiserer deg til denne stillinga, er:
• Relevant høgare utdanning innan IT. Lang og relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
• God kjennskap til IT-drift i offentleg sektor, gjerne i ein kommune
• Erfaring med Citrix VDA/VDI-plattform
• Erfaring med VMware virtualiseringsplattform
• Erfaring med Check Point-brannmurar
• Erfaring med Microsoft 365-plattforma
• Erfaring med Intune og moderne klienthandtering
• Erfaring med identitet og tilgangsstyring
• God generell forståing av IT-infrastruktur (nettverk, server, lagring og backup)
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Dei personlege eigenskapane dine vil bli vektlagde og kan bidra til å kvalifisera deg til stillinga. Du evner å forstå heilskapen og sjå samanhengen mellom IT, tenester og organisasjon. Du trivst med samarbeid, deler og utviklar kunnskapen din og er løysingsorientert. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, og har god gjennomføringsevne. I arbeidsmiljøet opptrer du påliteleg og bidrar til trivsel og samhald. Utetter kan du snakka om IT og digitalisering på ein måte som gjer at både fagekspertar og besteforeldre forstår deg.

Kva får du som lagkamerat i Hå kommune?
Me tilbyr deg ein meiningsfull, spennande og samfunnsnyttig jobb i ein framoverlent organisasjon. Hos oss får du varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og arbeider heile tida med å utvikla laget både fagleg og relasjonelt. Me tilbyr løn etter gjeldande avtaleverk, og me har gode pensjons- og forsikringsordningar. I tillegg har me ei kantine som mellom anna serverer vaflar og lappar ein gong i veka.

Anna
Hå kommune er ei IA-verksemd og ønskjer mangfald blant dei tilsette. Me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    29.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6561736
  • Se här för andra jobb från Hå kommune