Ledigt jobb

Øygarden kommune

Psykolog/Psykologspesialist 100% fast, PPT

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er no ledig ei 100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist frå 01.02.2026.

Stillinga er plassert i PP-tenesta som arbeider med rådgjeving til tilsette i barnehage og skule, samtaler med barn og unge, samt sakkunnige vurderingar. Barnehagen og skulen er viktige arenaer for barn og unges sosiale, emosjonelle og faglege utvikling og er viktig for deira psykiske helse. Vi søkjer etter ein psykolog med engasjement for barn og unge og som vil bruke si kompetanse til å hjelpe barn/unge på individnivå, og ikkje minst med systemretta tiltak inn mot barnehage og skule.

Kontorstad er plassert sentralt i Straumeområdet, og PPT har oppdrag i heile kommunen.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Arbeidsoppgåver
  • Rettleiing til tilsette i barnehage og skule, samt føresette.
  • Utgreiing, samtale og oppfylging av barn og unge, gjennomføring av sakkunnig vurdering.
  • Bidra til førebygging og tidleg innsats gjennom deltaking i utviklingsarbeid i barnehage og skule.
  • Samarbeid og deltaking i tverrfaglege team og nettverk internt i kommunen.
  • Kontaktansvar for utvalde barnehagar og skular.
  • Bidra til fagleg utvikling i tenesta innanfor satsingsområda til PPT.
  • Kompetanseheving og rettleiing innan psykologfaglege tema internt og eksternt, inkludert studentar.
  • Samarbeid med andre etatar innan førstelinje og spesialisthelsetenesta.
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Godkjend psykologutdanning/spesialistgodkjenning.
  • Godkjend, norsk autorisasjon som psykolog.
  • God munnleg framstillingsevne.
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i team.
  • Førerkort og tilgang til eigen bil.
  • Stillinga krev gyldig politiattest
Bør ha:
  • Kompetanse/ erfaring med testing/utgreiing, fortrinnsvis av barn.
  • Kompetanse/erfaring knytt til samansette lærevanskar eller nevroutviklingsforstyrringar.
  • Kompetanse innan førebygging, systemretta arbeid eller utviklingspsykologi.
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid i kommunen eller spesialisttenesta.
  • Kompetanse innan BTI-modellen eller andre samhandlingsmodellar.
  • Kompetanse/erfaring med tverrfagleg rettleiing og samarbeid.
  • Kjennskap til relevant lovverk (opplæringslova, barnehagelova, forvaltningslova, helsepersonell-lova).
  • Erfaring frå arbeid i PP-tenesta.
Personlege eigenskapar:
  • Engasjement for barn og unge si psykiske helse og velvære.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og til å sortere og prioritere mellom ulike arbeidsoppgåver.
  • Evne til samarbeid både internt på kontoret og med tilsette ute på einingane.
  • Kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg.
  • Personleg dugleik vil bli vektlagd.
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • IA-bedrift.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Interessante personlege og faglege utfordringar.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling, tilrettelegging for spesialisering og rettleiing.
  • Høve til å jobbe med faglege tema ein brenn for og å påverke tenestetilbod i kommunen.
  • Fleksibel arbeidstid og eit godt arbeidsmiljø.
Kontaktperson:

Merete Nygård Ingebrigtsen, einingsleiar. E-post: merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.