• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6210875
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Psykiatrisk sjukepleiar/miljøterapeut psykisk helse og rus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Brenn du for psykisk helse? Ynskjer du å hjelpe personar i ein vanskeleg situasjon? Har du lyst å jobbe innan fagområde psykisk helse og rus?  

No er det ledig 2 X 100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar/miljøterapeut i psykisk helse og rustenesta, avdeling psykisk helsteam 

Psykisk helseteam er eit lågterskeltilbod til vaksne over 18 år i Sogndal kommune som har utfordringar innan psykisk helse og-/eller med rusmiddelbruk. Tilbodet består av individuell oppfølging, hovudsakleg i form av samtalar. Tenesta følgjer opp brukarar som til dømes har utfordringar innan angst, depresjon, livskriser, utmatting og problematisk rusmiddelbruk eller annan avhengigheit. Psykisk helseteam har tett samarbeid med Rask psykisk helsehjelp og aktivitetstilbodet innan psykisk helse og rus. 

Stillingane er i psykisk helseteam, med kontorstad hovudsakleg i Sogndal. Psykisk helseteam har tilsette i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Ein må rekne å bidra i andre soner, som Leikanger og Balestrand etter behov. Då nyttar ein tenestebil mellom sonene.  

Som ein del av psykisk helseteam skal du bidra til at psykisk helse- og rustenesta gir eit godt tilbod til innbyggjarar i Sogndal kommune i form av førebygging og behandling av psykisk helse- og rusutfordringar. Dette innebær å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar.  

Dersom det i tilsettingsperioden blir ledige andre stillingar i psykisk helseteneste, kan søkjarar bli vurdert til desse.  

 

 

Arbeidsoppgåver og ansvar inneber blant anna å: 

  •  kartlegge brukar sitt behov og gi individuelt tilpassa oppfølging, 
  •  gi støtte og hjelp i heimesituasjon, 
  •  delta i ansvarsgrupper, 
  •  være støtte for pårørande, 
  •  ha samarbeid med andre tenester i kommunen, spesialisthelsetenesta, NAV mm. 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Bachelor innan helse- og sosialfagleg. Utdanna som sosionom, sjukepleiar eller vernepleiar 
  • Vidareutdanning innan psykisk helse eventuelt rusproblematikk 
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil vere eit føremon 
  • Førarkort klasse B 
  • Gode norsk kunnskapar 
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetting 

 

Personlege eigenskapar: 

  •  Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig 
  •  Har god relasjonskompetanse 
  •  Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar 
  •  Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar 
  •  Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd 

 

Me tilbyr: 

  •  Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling 
  •  Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar 
  •  Eit godt arbeidsmiljø 
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  •  Gode velferdsordningar 
  •  Arbeidstid på dagtid 
  •  Lønn etter tariffavtale  

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6210875
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune