Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.08.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3039492Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 21.07.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Prosjektstilling Demenskoordinator 100 %
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Mellombels prosjektstilling til 2022 med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektfase
Om avdelinga:
Kommunalsjefområde Helse og velferd har om lag 770 årsverk og er fordelt på 19 einingar.
I åra som kjem er det forventa store demografiske endringar i kommunen og ein vil få mange fleire innbyggjarar i aldersgruppa 80+. Dette medfører at ressursinnsatsen må dreiast meir mot førebyggande tiltak som kan gje betre helse og livskvalitet for den einskilde, samstundes som ein legg til rette for at eldre kan bu heime så lenge som mogleg. For å nå mål om å vera eit demensvenleg samfunn, er det behov for ytterlegare heilskapleg satsing innan demensomsorg - gjennom samskaping mellom kommune, privat og frivillig sektor.
Arbeidsoppgåver:
- Initiere, leie og medverke i utvikling av nye tilbod som møter behov i målgruppa
- Koordinere eksisterande arbeid knytt til demensomsorg
- Følgje opp tenestetilbod til innbyggjarar med kjent hukommelses svikt- og sikre trygg og føreseieleg heimesituasjon og avlasting for pårørande
- Gje råd og rettleiing til innbyggjarar, pårørande og tilsette
- Demensutredning i samarbeid med fastlege, pårørande og demensteam
- Vidareføre arbeid knytt til demensvennleg kommune
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3-årig helsefagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning på bachelornivå
- Kompetanse/ erfaring i prosjektleiing/ utviklingsarbeid
- Kompetanse/ erfaring i individuelle samtaler, kurs- og gruppeleiing
- Relevant erfaring frå arbeid innan demensomsorg
Ønskjeleg med:
- Vidareutdanning i geriatri, demens eller annan relevant utdanning/kurs
- Erfaring frå samarbeid med frivillige organisasjonar, private leverandørar og forskingsmiljø
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig, strukturert og stor grad av gjennomføringsevne
- God kommunikasjonsevner - både munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
Anna:
- Det er behov for sertifikat i stillinga
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.08.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3039492Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 21.07.2020