• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5889183
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Prosjektstilling 100%

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert
samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) samarbeider og gjev rettleiing/støtte til barnehage, skule og føresette. Inkluderingsperspektivet er sentralt for det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehage og skule. Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) inneheld dei lovpålagte tenestene knytt til PPT som er regulert i Barnehagelova og Opplæringslova. Fagavdeling i skule er organisert under PPR. Denne fagavdelinga jobbar med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehage og skule. PPR består av ulike fagpersonar som jobbar med sakkunnig vurdering, rettleiing og system-/utviklingsarbeid i barnehage og skule. Under PPR ligg også utøvande teneste som logoped og spesialpedagog i barnehagen, rettleiing knytt til barnehage og skule, og barnehagemynde inn mot vedtak og barnehagelova (§§31 og 37).

 Arbeidsoppgåver:
  • Utvikle og implementere rutinar for arbeid med nærvær og inkludering
  • Koordinering og konsultasjon i saker med høgt fråvær i grunnskule
  • Førebu og gjennomføre kompetansestøtte i barnehage og skule
  • Samhandle med andre tenester
  • Vidareutvikle handlingsplan for handtering av fråvær
Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Fortrinnsvis blir det krevd utdanning på mastergrad/hovudfagsnivå innan psykologi, pedagogikk, rettleiing eller liknande, men utdanning innan spesialpedagogikk, læringsmiljø og lang relevant erfaring, kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå arbeid i skulen
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver som raskt må løysast/handterast, og samstundes halde i satsinga sine langsiktige oppgåver
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå leiing av kommunale satsingar i barnehage og skule
  • Erfaring med arbeid med skulefråvær
  • Erfaring med læringsmiljøarbeid, på individ- og systemnivå
  • Rettleiingskompetanse
Personlege eigenskapar:
  • Gode kommunikasjonsevner (samarbeide, lytte, rettleie og inspirere)
  • Gode samarbeidsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Innovativ og fleksibel
  • Evne til å sjå saker i nye perspektiv
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
  • Personleg eigenskap vil vere avgjerande
Anna:
  • Må ha sertifikat og disponere eigen bil
  • Det vert no lyst ut etter prosjektstilling i 100%, frå 28.10.2024 til 31.12.2025
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Ranveig.Bungum@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5889183
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune