• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    14.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4972879
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 25.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Prosjektmedarbeidar Inkludering og arbeid

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønsker du å jobbe med inkludering og å kunne gi menneske moglegheiter? Er du engasjert og ambisiøs? NAV Giske søker nå etter prosjektmedarbeidar som vil jobbe for å gi menneske med flyktningbakgrunn moglegheit til å kome i arbeid. NAV Giske er ein lærande organisasjon og gjennom dagleg drift jobbar vi aktivt med kompetanseutvikling for våre medarbeidarar for å fortsette og utvikle og forbetre våre tenester. NAV Giske er etablert i partnerskap med NAV Møre og Romsdal og Giske kommune, og kontoret er lokalisert i Rådhuset i Giske kommune. Kontoret har 15 stillingsheimlar, av desse er 6 kommunale.

NAV har som overordna mål å gi moglegheiter til arbeid og aktivitet, samt sikre rettar til velferdsytingar. Vi tilbyr meiningsfylte og utfordrande oppgåver, og gode utsikter til å gjere karriere i ein organisasjon som har eit svært viktig samfunnsoppdrag.

NAV Giske har fått innvilga tilskot frå Statsforvaltaren til prosjekt "Inkludering og arbeid" av innbyggarane med flyktningbakgrunn.

Vi søker i samband med dette ein prosjektmedarbeidar i 100% stilling. Varigheit er eitt år frå oppstartstidspunkt med moglegheit for forlenging. Prosjektperioden kan vare til og med 30.09.2025 under føresetnad av finansiering.

I tillegg til formell kompetanse og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Kvalifikasjoner:

Du må ha:

  • Minimum 3-årig høgskule- eller universitetsutdanning innan velferd, sosialt arbeid eller helsefag.
  • God forståing for NAV sine mål og verdiar.   
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.   
  • Grunnleggande digital kompetanse. 
  • Kunnskap om lokal arbeidsmarknad og organisering av norsk arbeidsliv.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå å jobbe med menneske i målgruppa for prosjektet.
  • Førerkort klasse B. Moglegheit for å bruke eigen bil i teneste er ønskeleg.               

Vi ønsker ellers at du har erfaring og kompetanse frå:

  • Tverrfagleg samarbeid. 
  • Erfaring med rettleiing og arbeidsinkludering. 
  • Rekrutteringskompetanse og karriererettleiing.

 

Personlige egenskaper:

Det viktigaste for oss er at du har trua på at alle menneske, til tross for ulike utfordringar, har ressursar som kan brukast i arbeid.

Og ellers at:

  • Du er løysingsorientert og flink til å sjå moglegheiter. 
  • Du har evne til og interesse for å motivere, engasjere og bygge relasjonar. 
  • Du er fleksibel i forhold til arbeidsstad og oppgåver. 
  • Du er robust og har evne til å stå i utfordrande situasjonar over tid.
  • Du jobber systematisk og strukturert, og er opptatt av kvalitet og gode resultat.

    Vi tilbyr:

    Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde, der du saman med aktive og engasjerte kollegaer finn gode løysingar for NAV sine brukarar.
     
    Løn og tilsetting på vanlege kommunale vilkår som prosjektmedarbeidar.
       

    • Bedrift
      Giske Kommune
    • Søknadsfrist
      14.02.2023
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Ansettelsesform
      Fast
    • Bransje
      Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
    • Utdanningskrav
      Påkrevet
    • Arbeidserfaring
      Ønskelig
    • Adresse
      6050, VALDERØYA
      GISKE
      Norge
    • Antall stillinger
      1
    • karriere-kode
      4972879
    • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
    • Oppdatert 25.01.2023