• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6022997
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Prosjektleiar i eigedomsavdelinga

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100 % stilling. Nyoppretta stilling ledig omgåande.

Er du ein drivande dyktig prosjektleiar som likar å jobbe med spanende byggeprosjekt? Brenn du for å finne smarte og effektive løysingar saman med andre? Då ønskjer vi deg velkommen på laget! Gol kommune står framfor mange spennande bygg-og vedlikehaldsprosjekt dei neste åra, og vi ser etter ein engasjert og handlekraftig prosjektleiar som vil vere med å utvikle og forbetre lokalsamfunnet vårt.

Eigedomsavdelinga i Gol kommune har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale formålsbygg, trygde- og omsorgsbustader og grøntareal. Avdelinga har 35 tilsette fordelt på byggdrift og reinhald, og no treng vi ein prosjektleiar til å styrke laget vårt.

Arbeidsoppgåver:
• Leiing, planlegging og administrasjon av bygg- og vedlikehaldsprosjekt.
• Sikre kvalitet i prosjektering og gjennomføring i alle fasar av prosjekta.
• Budsjettstyring og økonomikontroll.
• Eigedomsforvaltning med ansvar for etterleving av lover, forskrifter, leigeavtalar for formålsbygg og planlegging av vedlikehald.
• Aktiv deltaking i vidareutvikling av eigedomsavdelinga sine tenester.
• Utføre andre relevante oppgåver etter behov.

Kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
• Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
• Erfaring og kompetanse innan prosjekt- og byggeleiing.
• Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
• Førarkort klasse B.

Vi ser etter deg som:
• Har erfaring frå prosjekt- og byggeleiing.
• Har kjennskap til lover og reglar i byggebransjen.
• Har kunnskap om regelverket for offentlege innkjøp.
• Er kjend med offentleg forvaltning (opplæring blir gitt om nødvendig).
• Er strukturert og har genuin fagleg interesse.
• Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig.
• Er fleksibel, løysingsorientert og oppteken av utvikling.

Vi tilbyr:
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling og oppdatering.
• Konkurransedyktig løn etter avtale.
• God pensjonsordning.
• Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.
• Gratis trening på Goliat

Praktisk informasjon:
• Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk.

Andre opplysningar:
• Ta med godkjende kopiar av vitnemål og attestar til eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut frå innleverte attestar.
• Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal vere offentleg, må dette grunngjevast i søknadsskjemaet. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde etter offentleglova §25. Du vil bli varsla dersom dette skjer, slik at du kan velje å trekkje søknaden din.

Slik søker du:
• Elektronisk søknadsskjema skal nyttast.
• Alle søkjarar får kvittering for motteken søknad dersom e-postadressa er korrekt utfylt.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6022997
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune