• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    15.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5793654
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 25.06.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sunnfjord kommune

Prosjektleiar for helsefagleg innhald i nytt omsorgssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst å vere med å forme framtidas omsorgstenester i Sunnfjord kommune? Då er dette stillinga for deg!

Sunnfjord kommune har vedteke å bygge nytt omsorgssenter i Førde innan 2030. Det er bestemt at omsorgssenteret skal ha ca. 70 plassar og vere demensvenleg. Vi søker etter ein prosjektleiar som skal jobbe med kva som skal vere det helsefaglege innhaldet i dette omsorgssenteret. Stillinga er 50 % i inntil 1 år, men forlenging kan bli vurdert.

Tilbodet i nytt omsorgssenter må sjåast i samanheng med det eksisterande tilbodet i kommunen, samt behovet til innbyggarane. Stillinga vil samarbeide tett med byggfagleg prosjektleiar.

Stillinga vert lokalisert hos Fagutvikling som er ei stabseining til kommunedirektøren, med kontorstad på Sunnfjord rådhus. Stillingsstorleik er 50 %.

Aktuelle arbeidsoppgåver:
  • Leie det helsefaglege arbeidet i prosjektet
  • Sikre forankring og medverknad i arbeidet frå tilsette i tenestene og innbyggarane i heile kommunen
  • Avklare innhald i nytt omsorgssenter
  • Sikre at omsorgssenteret oppfyller alle relevante lover og forskrifter
  • Sikre at vi bygger eit omsorgssenter som blir ein attraktiv arbeidsplass med gode fagmiljø
Krav til deg som søkar:
  • Bachelor innan helse- og sosialfag, primært sjukepleiar, med relevant mastergrad
  • God kjennskap til lovverk og forskrifter innan helse- og omsorgssektoren

Vi ønsker gjerne at du har erfaring med drift og leiing av institusjon eller tilsvarande tenester, prosjektleiing og medverknadsprosessar.

Vi søker deg som :
  • Har evne til å skape tillit og bygge gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide tverrfagleg
  • Har evne til å motivere og skape engasjement blant tilsette og innbyggarar
  • Er fagleg oppdatert og engasjert, og er ein pådrivar for sikre tenester av god kvalitet
  • Er strukturert, løysingsorientert og resultatorientert
Vi tilbyr:
  • Ei spennande stilling med høve til å påverke utviklinga av omsorgstenestene i kommunen vår.
  • Et godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • god pensjons- og forsikringsordning

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    15.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5793654
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 25.06.2024