Ledigt jobb

Øygarden kommune

Prosjektleiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Utbygging er organisatorisk plassert i Eigedomsavdelinga og er ansvarleg for kommunale byggje- og anleggsprosjekt i Øygarden kommune. Utbyggingsprosjekt blir stadfesta gjennom politiske vedtak om investering, og basert på dei behova som dei respektive ansvarsområda beskriver.

Øygarden kommune har som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Våre ambisjonar er å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet i tenestene. Øygarden kommune skal vere ein trygg og god stad å bu og arbeide.

Som prosjektleiar i Øygarden vil ta del i ein viktig samfunnsutvikling når vi skal løyse utfordringane innafor Helse og velferd, Oppvekst, Idrett og effektiv eigedomsforvaltning. I tillegg til Utbygging er Eigedomsavdelinga sett saman av Klima og Miljø, Eigedomsutvikling, Eigedomsforvaltning og Reinhald. Avdelinga samarbeider tett med forvaltninga og byggesak, og det er kort veg mellom vedtak og oppstart av prosjekt. Oppgåvene vil være varierte og omfattar heile verksemdsområde for eigedom, bygg, anlegg, veg, med meir. Stillinga rapporterer til einingsleiar Utbygging.

 

Arbeidsoppgåver:
  • Prosjektleiar har ansvar og myndigheit til å realisere utbyggingsprosjekt
  • Skaffe og oppfølging av rådgjevar og utførande entreprenørar
  • Leia prosjekt frå utvikling til overlevering til brukar og driftsorganisasjon
  • Ansvar for tryggleik, helse og arbeidsmiljø i samsvar med Byggherreforskrifta
  • Nært samarbeid med kommunens organisasjonar og administrasjonen
  • Dokumentere, rapportere og presentere prosjekt
  • Delta i planprosessar og anna samfunnsutviklande aktivitetar
  • Bidra til utvikling av kommunens styringssystem for byggeprosjekt
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Høgare utdanning innafor byggfag eller tekniske fag, prosjektleiing. For personar som er spesielt kvalifiserte og kan dokumentere kvalifikasjonar for oppgåva, kan dette kompensera for manglande utdanningsnivå.
  • Minimum 3 års erfaring som prosjektleiar frå bygg- og anleggsbransjen
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God kunnskap om regelverk for offentleg anskaffing
  • Administrativ og prosjektøkonomisk kompetanse
  • Erfaring med SHA i utbyggingsprosjekt
  • Førarkort klasse B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med fasebasert prosjektgjennomføring
  • Erfaring frå ENØK, ombruksprosjekt eller andre miljøretta prosjekt.
  • Erfaring frå offentleg administrasjon
  • Erfaring frå oppfølging av ulike faggrupper i alle fasar i eit prosjekt
Personlege eigenskapar:

Du må trivst med utfordrande oppgåver og handtera fleire prosjekt i ein hektisk kvardag.

  • Målretta, engasjert og løysingsorientert
  • Ha ein effektiv prosjektleiing og ein pådrivar for innovasjon og utvikling
  • Evne til å utøve leiarskap og være trygg på eigne avgjersler.
  • Ein ryddig og strukturert arbeidsform og evne til systematisk planlegging
  • At du bidreg til det faglege og sosiale miljøet.
Anna:

Utbygging har kontor på Straume rådhus, i tillegg til å følgje opp prosjekt i heile kommunen. Avdelinga jobbar med alle typar prosjekt innafor alle tenesteområda. Du kjem tett på brukarane og vil også presentere prosjekt på politisk nivå. I Øygarden kommune vil du ta del i samfunnsutviklinga gjennom mange store og viktige byggeprosjekt i fleire år framover.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Terje Reinan, Einingsleiar Utbygging, mobil 93 24 04 96

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.