Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
16.03.2026Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6540490Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Prosjektkoordinator tradisjonskultur
Offentlig forvaltning
Brenn du for å gje gode kulturopplevingar, og vil vere med oss og skape nye samarbeidsarenaer og nettverk? Då er denne jobben noko for deg!
Hallingdalskommunane er no på jakt etter ein drivande dyktig prosjektkoordinator i eit engasjement på inntil 50 % over ein periode på 18 månader, med moglegheit for at det kan forlengast etter avslutta prosjekt. Ål kommune er vertskommune i Hallingdal og eigar av prosjektet.
Hovudmålet med dette prosjektet er å vidareføre arbeidet som allereie er gjort med å mobilisere og koordinere for å tryggja ei berekraftig framtid for den særeigne tradisjonskulturen i Hallingdal. Som prosjektkoordinator skal du leie arbeidet med å lyfte fram den sterke Hallingdalstradisjonen og vere med på å setje regionen på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Me søkjer etter ein som kan utvikle vidare det grunnarbeidet som allereie er gjort; ta det med vidare til neste steg. Her er det moglegheit for å skape ein eigen arbeidsplass som vil setje preg i regionen i mange år framover.
Om arbeidsplassen:
Prosjektkoordinatoren vil ha arbeidsstad i arrangements- og kulturbygda Ål, med kontorplass på Tingstugu. Stillinga ligg under kultursektoren og det er Kommunalsjef kultur som representerar prosjektet og eigarskapet på vegne av Ål kommune.
I tillegg er det eit godt fagmiljø, både i kommunen og elles i Hallingdal, der til dømes Sprang vil vera ein god støttespelar i utviklingsarbeidet for tradisjonskulturen frå Hallingdal. Hallingdal ligg godt plassert midt i Sør-Noreg, med gode forbindelsar og kort reiseveg både aust- og vestover.
Hjå oss finn du ein godt forankra kulturpolitikk, mange arrangement, kulturhus med 30 000 besøkande per år, ei høgmoderne dansescene spesiallaga for folkemusikk og -dans, Folkemusikkveka, Leveld Kunstnartun AiR, Storhelg i Hallingdal og mykji meir!
Arbeidsoppgåver knytt til stillinga:
- Samarbeide med ulike aktørar innan feltet i regionen Hallingdal som til dømes frivillige spel- og dansarlag.
- Søke om offentlege midlar, samarbeide med lokale og regionale sponsorar, for å sikre varig finansiering av prosjektet.
- Sikre ein berekraftig struktur som trygger kontinuitet og vekst for folkemusikkmiljøet i Hallingdal.
- Regelmessig rapportering til kommunane i Hallingdal og andre finansierings- og samarbeidsorgan i lag med kommunalsjef kultur.
- Starte samarbeidsprosjekt med lokale kultur- og utdanningsinstitusjonar.
Ønskelege kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning eller erfaring frå kulturfeltet.
- Erfaring frå prosjektmetodikk- og gjennomføring.
- Solid økonomiforståing og ein evne til å skape struktur.
- Erfaring frå drift og leiing av prosjekt er ønskeleg.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Me ser etter deg som:
- Likar å skrive søknadar, jobbe strukturert, samle og vidareformidle.
- Elskar fargekoda Excel-skjema, systematisk arbeid og overblikk.
- Er god på relasjonar.
- Er ein teambyggjar og lagspelar.
- Er engasjert, kreativ og utviklingsorientert.
- Evnar å tenke langsiktig og strategisk.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me kan tilby:
- Ein unik jobbmoglegheit i ei sterk kulturkommune.
- Fleksibel og variert arbeidskvardag.
- Eit godt og fagleg kompetent team og støtteapparat med vilje til utvikling, som vil vera med på å gje både forankring, nettverk og motivasjon.
- Eit sterkt og mangfaldig tradisjonsmiljø med stort spenn i utøvarar, aktivitetar og uttrykk.
- Høve til å setje ditt stempel på noko som skal vera levedyktig for all framtid.
- Høve til å utvikle din eigen arbeidsplass, også etter endt prosjektperiode.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovedtariffavtala.
- Lønn etter avtale.
Send søknad:
- Vitnemål og attestar legg du inn i lag med søknaden.
- Kommunen følgjer offentleglova §25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Intervju vil skje løpande gjennom søknadsprosessen.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
16.03.2026Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6540490Se her for andre jobber fra Ål Kommune