Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
31.01.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3373587Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 14.01.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sunnfjord kommune
Prosjektkoordinator
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune har saman med Askvoll, Masfjorden, Hyllestad, Fjaler, Solund, Bremanger og Gulen, fått stimuleringsmidlar frå Statsforvaltaren i Vestland til å bidra til utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet.
Mål: Sikre kvalitet og oppfølging av fosterheimane våre. Utviklingsprosjektet er forankra i kommunane sine planar for kompetanseheving, og gjennom det i tråd med allereie etablerte planar i kommunane. Det er aktuelle tilsette i dei ulike tenestene som vert del av prosjektgruppa og framdrifta.
Kommunane ser også prosjektet som ein moglegheit til å bli betre kjent på tvers av kommunegrenser, og å utvikle og styrke fagmiljøet på tvers av kommunane. Dette er i tråd med den Nasjonale kompetansestrategien, og vil vere nyttig med tanke på nye utfordringar og krav som kjem med barnevernsreforma i 2022. Prosjektet skal ha eit samarbeid med Bufetat, Høgskulen på Vestlandet og NORCE RKBU – Vest.
Vi har ledig følgande stilling:- Prosjektkoordinator i 100 % stilling med oppstart april og ut året 2021. Det er moglegheit for forlenging.
Prosjektkoordinator skal drive prosjektet ved å gjennomføre kartlegging av dei ulike kommunane sine behov for oppfølging og rettleiing av fosterheimar. Vidare planlegge og delta på fagsamlingar og tilrettelegge for opplæring av fosterfamiliar og dei tilsette som arbeidar med fosterheimsarbeid. Dette vil bety at prosjektkoordinator må pårekne noko reisevirksomheit i prosjektperioden.
Sunnfjord er vertskommune for prosjektet, og tenestestad kan tilpassast.
Kvalifikasjonar- 3 årig sosialfagleg høgskuleutdanning. Anna utdanning kan vurderast i samanheng med andre kvalifikasjonar.
- Relevant vidareutdanning og/eller praksis innan fosterheimsarbeid vil vere ein fordel.
- Det er ønskjeleg med utdanning i, eller erfaring frå prosjektarbeid.
Ved tilsetting legg vi vekt på:
- god samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggar
- god system- og organisasjonsforståing
- at ein er eigna for oppgåver knytt til barn, unge og deira familiar
- evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- gode norskkunnskapar
- kjennskap til tverrfagleg samarbeid
- evne til fleksibilitet og endringsvilje
Den som vert tilsett må ha sertifikat.
Vi tilbyrTilsetting skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
31.01.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3373587Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 14.01.2021