Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Prosjektkoordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune har saman med Askvoll, Masfjorden, Hyllestad, Fjaler, Solund, Bremanger og Gulen, fått stimuleringsmidlar frå Statsforvaltaren i Vestland til å bidra til utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet.

Mål: Sikre kvalitet og oppfølging av fosterheimane våre. Utviklingsprosjektet er forankra i kommunane sine planar for kompetanseheving, og gjennom det i tråd med allereie etablerte planar i kommunane. Det er aktuelle tilsette i dei ulike tenestene som vert del av prosjektgruppa og framdrifta.

Kommunane  ser også prosjektet som ein moglegheit til å bli betre kjent på tvers av kommunegrenser, og å utvikle og styrke fagmiljøet på tvers av kommunane. Dette er i tråd med den Nasjonale kompetansestrategien, og vil vere nyttig med tanke på nye utfordringar og krav som kjem med barnevernsreforma i 2022. Prosjektet skal ha eit samarbeid med Bufetat, Høgskulen på Vestlandet og  NORCE RKBU – Vest.

Vi har ledig følgande stilling:
  • Prosjektkoordinator i 100 % stilling med oppstart april og ut året 2021. Det er moglegheit for forlenging.

Prosjektkoordinator skal drive prosjektet ved å gjennomføre kartlegging av dei ulike kommunane sine behov for oppfølging og rettleiing av fosterheimar. Vidare planlegge og delta på fagsamlingar og tilrettelegge for opplæring av fosterfamiliar og dei tilsette som arbeidar med fosterheimsarbeid. Dette vil bety at prosjektkoordinator må pårekne noko reisevirksomheit i prosjektperioden.

Sunnfjord er vertskommune for prosjektet, og tenestestad kan tilpassast.

Kvalifikasjonar
  • 3 årig sosialfagleg høgskuleutdanning. Anna utdanning kan vurderast i samanheng med andre kvalifikasjonar.
  • Relevant vidareutdanning og/eller praksis innan fosterheimsarbeid vil vere ein fordel.
  • Det er ønskjeleg med utdanning i, eller erfaring frå prosjektarbeid.
Personlege eigenskaper

Ved tilsetting legg vi vekt på:

  • god samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggar
  • god system- og organisasjonsforståing
  • at ein er eigna for oppgåver knytt til barn, unge og deira familiar
  • evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • gode norskkunnskapar
  • kjennskap til tverrfagleg samarbeid
  • evne til fleksibilitet og endringsvilje

Den som vert tilsett må ha sertifikat.

Vi tilbyr

Tilsetting skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Politiattest må leverast før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!