• Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    03.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5915716
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Ledigt jobb

Askvoll kommune

Prosjekt – og aktivitetsleiar - 80% prosjektengasjement innan psykisk helse og rus – 2. gongs utlysing

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I arbeidet med å utvikle og drive aktivitetstilbod for rusmiddelavhengige søker vi ein prosjektleiar i eitt år, med moglegheit for forlenging inntil 4 år. Vi er ei eining med godt arbeidsmiljø beståande av psykiatriske sjukepleiar, psykiatrisk helsearbeidar, ein ruskoordinator og ein miljøarbeidar. No søkjer vi ein engasjert prosjektleiar med hjarte for menneske til å skape eit breiare helsetilbod for våre innbyggjarar.

Vi ønskjer oss en prosjektleiar som jobbar systematisk med etablering av tilbodet og som aktivt engasjerer brukarane for å finne gode løysningar som treff. Du må difor ha god forståing for psykisk helse og rus. Når ein jobbar og bur i Askvoll kommune blir ein lett kjent med folk og det er kort veg til alt du treng. Du vil oppleve å føle deg inkludert frå første dag.

Med nærheit til natur vil skilje mellom jobb og fritid vere raskt merkbart. Frå jobben i kan du raskt ta deg en fjelltur opp Fristadfjellet, eller om du ønskjer å utnytte deg av det sentrale knytepunktet kan du ta ferje til øyane eller ta hurtigbåt til Florø eller Bergen.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie arbeidet med oppstart av tilbodet og vidare drift
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar saman med brukarar
  • Råd og rettleiing
  • Praktisk bistand

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå liknande arbeid kan vere ein fordel, men er ikkje eit krav
  • Utdanning/arbeidserfaring innan psykisk helse og rus
  • Anna utdanning kan verte vurdert
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å forstå ulike perspektiv
  • Evne til å engasjere og inkludere
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Kreativ og framoverlent
  • «Stå-på-vilje»
  • God på relasjonsbygging
  • Gode samarbeidsevner
  • Allsidig, fleksibel og omstillingsdyktig

Vi tilbyr:

  • Ei nøkkelrolle i utvikling av nytt tilbod som du vil sette ditt preg på saman med brukarane
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • God forsikring
  • offentleg pensjonsordning (KLP)
  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan

Mangfaldige Askvoll
Askvoll kommune består av om lag 3.000 innbyggjarar med eigne historier og perspektiv. For å tilby teneste til alle, må dei tilsette i Askvoll kommune reflektere den breidda vi har i befolkninga. Vi veit at kompetanse og eigenskapar kan komme i mange ulike formar, og vil gjerne høyre frå deg som meiner du har noko å tilby i denne jobben. Kanskje er du veldig strukturert som følgje av å være eldst i søskenflokken, eller kanskje er du ein god problemløysar? Ein prosjektleiar i Askvoll kommune har klare mål og forventningar, men vi legg til rette og tilpassar til mennesket som kjem på jobb, ikkje til stillinga. Vi vil at du skal ha moglegheit til å prestere på vegne av kommunen ut frå dine føresetnader og gleder oss til å motta akkurat din søknad!

Dine næraste kollegaer
Seksjonsleiar Olaug Søreide og kommunalsjef for Helse og Omsorg Hilde Yndestad Halland er opptekne av å gje god støtte når det trengs, men gir deg mykje sjølvstende i stillinga. Dei beste resultat oppnår ein når ulike perspektiv løftast inn i fellesskap, og det er difor vanleg at gruppa diskuterer ulike prosjekt og idear jamleg, saman med dei andre dyktige medarbeidarane i avdelinga du vil jobbe med. Ruskoordinatoren vil jobbe tett saman med deg på dette prosjektet og kjenner feltet godt frå før.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    03.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5915716
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune