Company
Askvoll kommuneApplication deadline
10.09.2024Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5819025Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 27.08.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Askvoll kommune
Prosjekt – og aktivitetsleiar - 80% prosjektengasjement innan psykisk helse og rus - Utvida søknadsfrist
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Askvoll kommune har fått tildelt midlar for å utvikle og drive aktivitetstilbod for rusmiddelavhengige. Midlane er tildelt for eit år, med mogleg forlenging i inntil 4 år. Stillinga er plassert under psykisk helse og rus. Eininga har to psykiatriske sjukepleiarar i 100% stilling, ein ruskoordinator i 100% stilling og ein miljøarbeidar i 50% stilling. Du vil jobbe tett med ruskoordinator og miljøarbeidar.
Arbeidsoppgåver:
- Lede arbeidet med oppstart av tilbodet og vidare drift
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar saman med brukarar
- Råd og rettleiing
- Praktisk bistand
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå liknande arbeid
- Utdanning/arbeidserfaring innan psykisk helse og rus
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig og initiativrik
- Kreativ og framoverlendt
- «Stå-på-vilje
- God på relasjonsbygging
- Gode samarbeidsevner
- Allsidig, fleksibel og omstillingsdyktig
Vi tilbyr:
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid
- god forsikring
- offentleg pensjonsordning (KLP)
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Company
Askvoll kommuneApplication deadline
10.09.2024Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5819025Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 27.08.2024