Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
23.10.2022Anställningsform
workTime.HelgBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4774812Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 07.10.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjaler kommune
Privat avlastar, oppdrag i eigen heim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøtenesta i Fjaler kommune søkjer etter privat avlastar for barn som treng oppfølging ut i frå individuelle behov.
Har du eller de som familie høve til å følgje opp eit barn ei helg per månad, fredag ettermiddag til søndag ettermiddag, må du gjerne ta kontakt og søkje. Det kan også vere det blir behov for avlastar til andre barn/ ungdom med ulike utfordringar.
Skriv gjerne litt om deg sjølv og interesser, busituasjon og familierelasjonar, overnattingshøve og kven du bur saman med i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Vi vil prøve å finne avlastar som passar saman med barnet ut ifrå felles interesser og behov.
- Oppdraget følgjer vedtak om tenester til barnet.
- Du utfører tenesta i heimen din. Det må være eigna og mogleg for overnatting, sidan det er ei helg med overnatting. Det vil sei at barnet får tilgang på seng og høve til god kvile og ro ved overnatting i eigna rom.
- Det vert ikkje kravd noko form for formell fagutdanning for å være avlastar, men vi legg stor vekt på å vere personleg eigna.
- Det kan være en fordel om du har kjennskap til omsorgsarbeid.
- Du må ha interesse for å jobbe med menneske med ulike utfordringar.
- Du kan jobbe helg, 1 helg per månad.
- Du er nøyaktig, ansvarsfull, sjølvstendig og pliktoppfyllande.
- Du er kreativ, open, samarbeidsvillig og tillitsfull.
- Du har ei god helse, slik at du kan vere aktiv.
- Du er god på å sette grenser, men er samtidig audmjuk og omsorgsfull.
- Krav om politiattest.
- Du må være over 18 år
- Førarkort klasse B
- Kommunisere godt på norsk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Løn etter gjeldande satsar for avlasting i privat heim
- Dekning av utgiftar etter gjeldande satsar.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
23.10.2022Anställningsform
workTime.HelgBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4774812Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 07.10.2022